Øyenvitneskildringer fra Armenia | Den norske Helsingforskomité

Øyenvitneskildringer fra Armenia

Øyenvitneskildringer fra Armenia

(03/03-2008) Lene Wetteland har i de siste ukene vært i Armenias hovedstad Yerevan. Hun har vært øyenvitne til de siste dagers dramatiske hendelser i forbindelse med presidentvalget 19. februar.

8 personer er fra offisielt hold bekreftet døde, og enda flere skadet, etter at politiet valgte å slå ned demonstrasjonene som har pågått siden valgresultatet ble kjent. Avtroppande president Robert Kocharian har innført unntakstilstand, noe som innebærer at det er ulovlig å samles i folkegrupper, og media har har lov til å produsere artikler som er godkjent av regjeringen.

Situasjonen i Armenia er ustabil, og den kan forverre seg. Lene Wetteland følger situasjonen nøye for Helsingforskomiteen, og vil rapportere videre om utviklingen. Les hennes øyenvitnskildring fra Armenias hovedstad Yerevan under.

Øyenvitneskildring fra Armenia

Mine kommentarar til hendingane 1.mars. Eg var tilstades med kamera frå klokka 8 om morgonen fram til militære og politi gjekk mot demonstrantane i ni-tida om kvelden. Gjekk gjennom Mashtots/Proshyan-krysset der eg bur i 11-tida om kvelden. Høyrde og såg resten av forløpet frå vindauget.

Etter presidentvalet i Armenia 19.februar 2008 vart den sitjande statsministeren Serge Sargsyan utnemnd som vinnar med 52.8% av stemmene. Tidlegare president Levon Ter-Petrossyan fekk ifølgje offisielle tal 21.5% av stemmene. Trass i at OSSE kalla valet ”mostly in line” med internasjonale standardar kom dei med mykje kritikk av valprosessen, særleg i samband med teljinga på valdagen og media si dekking av valperioden. Folk flest var samde med Ter-Petrossyan i at valresultatet var uriktig, og slo seg saman med Ter-Petrossyan i hans demonstrasjon sentralt i byen, sjølv om dei ikkje hadde stemt på han i utgongspunktet. For mange var det springande punktet media si dekking av prosessen. På Fridomsplassen var det fleire tusen menneske samla kvar dag, mest mellom 3 om ettermiddagen og 2 om natta (ca 20 000), minst mellom 4 og 8 om morgonen. (ca 500 menneske i telt). Her var både unge studentar, pensjonistar, familiar, arbeidsledige menneske frå landsbyar, menn i dress frå Jerevan og diaspora-armenarar. Konstant var det musikk, appellar og god stemning blant engasjerte tilhøyrarar på plassen. Alkohol var forbode, og folk var bedde om ikkje å la seg provosera av politiet som alltid var tilstades. Politiet oppmoda dei oppmøtte om å gå heim fordi dei deltok på ein demonstrasjon som ikkje var tillete, men demonstrasjonen obstruerte ikkje trafikk eller naboar. Eg såg ingen våpen eller aggresjon i løpet av desse 10 dagane med demonstrasjon og ser det som veldig usannsynleg at demonstrantane var væpna den morgonen politiet kom.

Laurdag morgon 1. mars, ved Fridomsplassen, klokka 6 kom det politi og ”rydda plassen” med tazer guns, vasskanonar og batongar. I følgje vitne kom dei ikkje med åtvaring, men opna telt med kniv eller ved å setja fyr på teltet. Fleire demonstrantar viste meg sår frå denne morgonen. Ter-Petrossyan vart ført frå staden og sett i effektiv husarrest. I etterkant av hendinga, ca klokka 8, samla det seg fleire tilskodarar. Kvinner og menn ropte til politiet at dei skulle skamma seg, ein kameramann vart slått i bakken og ført til ein politibil, augevitne fortalde at ein person var slått til døde der ein stor blodpøl no var einaste rest. Tilskodarane vart bedde om å flytta seg av ampre politimenn med batongar, trestokkar og metallrøyr, og dei som ikkje lydde i første omgang vart dytta og slått. Etter kvart kom tre bilar med spesialpoliti til staden og etter ei kort åtvaring slo dei laus på dei uvæpna tilskodarane med batong. Eg måtte sjølv springa då menneske rett ved sida av vart slegne.

Frå 11 og utover samla folk seg ved den franske ambassaden for å vera trygge framfor internasjonale representantar. Ein lastebil med teltrestar frå Fridomsplassen kom og dumpa innhaldet på asfalten. Nokre la madrassar utover på asfalten, andre lagde seg våpen av teltrestar og flasker. Trolleybussar blokkerte endene på gata for å hindra politiet tilgong. Det kom til eit ca 8 min samanstøyt mellom demonstrantar og politi før det roa seg att.

Frå 13 og utover kjem fleire demonstrantar til staden, og det er stort politi-oppbod, væpna militærpoliti, eit pansra militært personellkøyretøy og fleire unge vernepliktige. Ein politijeep som har køyrd fort gjennom folkemengda skal ha skada fleire personar og vert sett i brann av provoserte demonstrantar. Elles var det roleg, demonstrantar ropar slagord og prøver å overtala politiet til å gå heim. I tre- tida trekk politi og militære seg tilbake til applaus og jubel frå dei mange tusen tilskodarane som no ropar at dei vert verande til Ter-Petrossyan fortel dei kva dei skal gjera. Det er seierstemning, men stille før stormen.

Når det mørknar i sju-tida lagar demonstrantane seg slagvåpen av det dei finn i nærleiken og ventar på at politiet skal koma tilbake medan dei lytter til den einaste frie radiokanalen, Radio Free Europe/Radio Liberty (RFE/RL). Nokre politikøyretøy vert demonterte for å laga våpen. Politiet kjem tilbake, sterkt væpna. Nedst på paradegata Mashtots er det fleire væpna politimenn, og på Republic Square står opprørspoliti og soldatar klare til å rykka inn. Dei har skjold, hjelmar, batongar og skytevåpen. Ved den italienske ambassaden står demonstrantar og politi mot kvarandre i ni-tida, og politi skyt tracer kuler for å skremma. Demonstrantane svarar med rop på ”Levon” og ”Fridom” og ”Me skal kjempa til slutten.” Etter kvart flytter demonstrantar og politi seg oppover Proshyangata og samlar seg att i krysset nedst på Mashtots. Her set demonstrantane fyr på politikøyretøy og kastar Molotov cocktails og stein. Politiet skyt kuler og tåregass og bruker vasskanon. Ca 30 politibilar er i brann. Nokre demonstrantar bryt seg inn i og plyndrar tre butikkar som er drivne av forretningsmenn som oppfattast å ha tilknyting til regjeringa: supermarkedet City Market Yerevan, godteributikken Grand Candy og den fasjonable klesbutikken Roberto. Andre butikkar i mellom desse, og heller ikkje dei to våpenbutikkane i nærleiken vert rørte. Politiet og dei militære trekker seg tilbake i elleve-tolv tida og det vert ei lita pause.

Ved eitt-tida om natta ser eg ei stridsvogn køyre nedover Proshyan, men snur og køyrer opp att. Like etter følgjer skyting, røyk og roping frå Mashtots/Proshyan krysset i eit par timar. Demonstrantane som er att og har barrikadert seg ved ambassadane blei i følgje RFE/RL oppmoda av Ter-Petrossyan til å gå heim i fire-tida, og dei fleste lyttar til dette.

Avtroppande president Robert Kocharian innfører unntakstilstand i ti-tida. Det er dimed ulovleg å samla seg i større og mindre grupper, og media har berre lov å produsera regjerings-godkjent stoff. RFE/RL sendte ikkje søndag kveld. Søndag var militære personellkøyretøy og stridsvognar plasserte på plassar og torg i Jerevan sentrum, og væpna opprørspoliti sørgde for at folk ikkje tok bilete eller stod for lenge og såg på situasjonar. Fleire unge menn vart ransaka, eg filma ein mann som vart sparka i ryggen og så ført inn i ein politibil. Det er ein ustabil situasjon i byen som lett kan forverra seg.