Demonstrantar overnatta på Fridomsplassen | Den norske Helsingforskomité

Demonstrantar overnatta på Fridomsplassen

Demonstrantar overnatta på Fridomsplassen

(22/02-2008) Etter misnøye med valresultatet og prosedyren overnatta fleire hundre tilhengjarar av opposisjonstilhengjarar på Fridomsplassen med krav om oppatteljing av stemmene.

Dagen etter valresultatet som kunngjorde at sitjande statsminister Serge Sargsyan var vinnaren av valet samla fleire tusen tilhengjarar av Levon Ter-Petrossyan seg til marsj rundt i gatene i Jerevan. Etter klokka åtte var det over, og alle gjekk kvar til sitt etter oppmoding om å stille opp påfølgjande dag også klokka tre.

Da samla store folkemengder seg på plassen, med opprørspoliti og soldatar på passe avstand. Møtet varte i fleire timar, med talarar, musikk og dans. Stemninga var god. Levon Ter-Petrossyan snakka med tilhengjarane og lurte på om dei hadde det bra, noko dei svarte ja på. Ter-Petrossyan skal ha sagt at han var nøgd med dei var glade, og sagt at han var enno gladare enn dei.

Møtet varte utover kvelden, til og med etter at det vart mørkt. Innimellom lyste plassen opp med fyrverkeri. Det vart litt mindre folk etterkvart, men ved eitt-tida var det framleis nesten fullt på plassen, og folk hadde ordna seg med telt, terrassevarmarar og mat. Frå scenen fekk dei oppmoding om å helda seg rolege, og dersom det skulle vera nokon som ville drikka alkohol måtte dei vera så snille og trekka seg unna resten av forsamlinga.

 

Stemninga var god, og mellom dei mange hundre mennene i svarte jakker og luer var det også kvinner og barn. Det kom nok mat til å halda folk mette, og folk varma sg rundt små bål av ymse avfall. Det vart vist film på storskjerm med utdrag frå Ter-Petrossyan sin innsats under Karabakh-krigen og eit lengre intervju med den tidlegare presidenten. Ein professor frå Sorbonne hadde teke turen for å støtta protesten, og oppmuntra dei oppmøtte på armensk med fransk brytning.

 

Dei oppmøtte vart takka for innsatsen og oppmoda til å tilbringa natta på plassen, og neste dag skulle dei få selskap av fleire.

– Me skal kjempa til slutten, ropte dei demonstrerande i nattemørkret.