Justisdepartementet i brann | Den norske Helsingforskomité

Justisdepartementet i brann

Justisdepartementet i brann

(14/02-2008) Ti dagar før presidentvalet i Armenia stod Justisdepartementet i brann. Tre dagar etter var brannen framleis ikkje heilt sløkt, og det er framleis uvisst kva som årsaka brannen.

Klokka fem om morgonen laurdag 9.februar, på dagen for opposisjonskandidat Levon Ter-Petrossyan sitt annonserte valgmøte på Fridomsplassen, stod Justisdepartementet sentralt i Jerevan i flammer. 20 brannkorps var til stades, men strevde med å sløkkja brannen. Fjerde etasje skal vera heilt utbrent medan tredje etasje har store vasskader etter sløkkjearbeidet. Også andre etasje er sterkt skada, og arbeidet i Justisdepartementet er dermed sterkt redusert. Dei tilsette er i etterkant flytta til andre kontor.

I bygninga ligg også Justisdepartmentet sitt arkiv, og det fryktest at mange uerstattelege dokument er tapt for alltid, mellom anna papir som omhandlar sakar i Europadomstolen. Justisdepartementet si pressetalskvinne Lana Mshetsyan avviser imidlertid at andre viktige dokument, særleg dokument som har samband med parlamentsskytinga 27 oktober 1999, var oppbevart i arkivet.

 

Pressetalskvinna avviser vidare rykter som seier at brannen skal vera påsett av personar som ville kvitta seg med dokument som kan kompromittere personar i offentlege stillingar. President Robert Kocharyan vil ikkje spekulera i kva som var årsaka til brannen, men har iverksett ei offentleg etterforsking. Frittalande Mikael Danielyan, president i Armenia Helsinki Association, er på si side overtydd om at brannen var påsett og at dette er del av ei urovekkande utvikling der livet til Levon Ter-Petrossyan no kan vera i fare. Valmøtet gjekk derimot av stabelen som planlagd utan uforutsette hendingar.