Klage om uoverkommelege hindringar avslått i grunnlovsdomstolen | Den norske Helsingforskomité

Klage om uoverkommelege hindringar avslått i grunnlovsdomstolen

(13/02-2008) Grunnlovsdomstolen i Armenia avslår presidentkandidat Levon Ter-Petrossyan si klage over “uoverkommelege hindringar” retta mot han i valkampen.

Presidentvalet går dermed som planlagt 19.februar.

Armenia sin første president som no stiller ved presidentvalet neste veke, har sett saman ei lang liste over klager på det han ser som uoverkommelege hindringar i valkampen. Lista inkluderer valdsbruk mot han sjølv, medarbeidarar og deltakarar på møtene hans, sabotasje av møtene, urettmessig konfiskering av valbrosjyrer og skuldingar om skattejuks, men framfor alt ufordelaktig mediedekning i statseigde fjernsynskanalar. Etter armensk lov kan valet utsetjast i 14 dagar dersom hindringane mot ein kandidat vert rekna som uoverkommelege, og det var dette Ter-Petrossyan sin stab håpa å oppnå mandag.

Levon Ter-Petrossyan og staben argumenterer med at omtalen på fjernsyn i samband med valkampen utelukkande har framstilt statsminister og presidentkandidat Serge Sargsyan i eit ufordelaktig positivt lys, og at Ter-Petrossyan har blitt framstilt i ei negativ setting, dersom han har fått omtale i det heile. Vidare klagar dei over at talene til Ter-Petrossyan ikkje har blitt overførte på fjernsyn og soleis ikkje når eit breiare publikum. Klager dei har sendt til ulike TV-stasjonar har i hovudsak ikkje blitt besvarte. Staben har berre fått eitt svar. Dette brevet ga uttrykk for at klagen var rettmessig i den forstand at ein presidentkandidat har rett til å få medietid, men at TV-kanalen dessverre ikkje er plikta til å gje han det.

Som forsøk på å få spreidd Ter-Petrossyan sitt valprogram til veljarane har talene hans blitt tekne opp av medarbeidarar og så blitt distribuert som DVDar gjennom nettverk. I praksis vil det seie at nokon har møtt opp på ein skule til dømes og delt ut ti DVDar. Dei tilsette har så blitt oppmoda til å sjå DVDen og så gje han vidare til vener eller familie. Denne praksisen fungerte bra sjølv om fleire arbeidsgjevarar oppmoda sine tilsette om ikkje å sjå DVDen. Samstundes har det vore tilfelle der dei unge gutane som har vore rundt og delt ut DVDane har blitt arresterte og innbrakt av politiet eller fysisk forulempa av andre, eller DVDane har blitt konfiskerte.

– Til og med han som selde oss dei tomme DVDane har blitt utsett for press frå politiet, fortel juristen Artak Zeynalyan i Levon Ter-Petrossyan sin valkampstab.

Juristen fortel vidare at dei også vende seg til eit privat radioselskap, Radio Hay, og fekk desse til å underteikna ein avtale om å køyra tre dagar med Ter-Petrossyan sin radioreklame. Kontrakten vart underskrive, men dagen etterpå trakk radiokanalen seg frå avtala.

– Den eine dagen radioreklamen vart kringkasta gjekk straumen i studio fleire gonger, og datamaskinen slutta å virke to gonger, fortel Zeynalyan, som slett ikkje er nøgd med korleis media dekker valkampen.

I samband med desse hindringane har juristen og staben vendt seg til den Nasjonale Kommisjonen for Fjernsyn og Radio med offisielle klager, men ikkje fått noko svar til dags dato. Som siste utveg har dei altso vendt seg til grunnlovsdomstolen.

Etter armensk vallov kan valet utsetjast i 14 dagar dersom det vert dømt at hindringane mot ein kandidat er uoverkommelege. Viss desse hindringane så ikkje vert fjerna i løpet av desse 14 dagane skal det lysast ut nyval 40 dagar seinare.

– Derfor håper me på eit positivt utfall i domstolen mandag, sa Zeynalyan laurdag, men la ikkje opp vidare taktikk basert på det. For Ter-Petrossyan sin valkamp hadde det ikkje vore nokon direkte føremon om det vart lyst ut nyval, men det ville ha vore ein viktig moralsk siger. Oppslutninga om Ter-Petrossyan er nemleg høg i dag trass alle hindringar, og denne situsjonen kan endra seg i veka fram mot valet, men enno meir dersom det hadde blitt lyst ut nyval.

Sjølv om grunnlovsdomstolen med dommar Gagik Harutyunyan i spissen avviste Ter-Petrossyan sitt krav om utsetjing på det grunnlag at hindringane ikkje var uoverkommelege, kom dei med ei viktig utsegn. Dei ser klagene som legitime og tilrådde at dei bør takast alvorleg av den Nasjonale Kommisjonen for Fjernsyn og Radio, den Sentrale Valkommisjonen og dei lågare domstolane for ikkje å skapa mistru til valprosessen. Også OSSE (Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa) sin interimrapport gjev også uttrykk for at media har gitt skeiv dekning av presidentkandatane, og at omtalen av statsminister Serge Sargsyan på nokre privateigde kanalar ”klart overstig det som rimelig kan oppfattast som passande.”

Artak Zeynalyan er likevel overtydd om at Levon Ter-Petrossyan har ein reell sjanse til å vinne valet neste veke.

– Sjansane er mykje større enn ved valet i 2003, og i dag ligg Ter-Petrossyan først med tanke på stemmer. Det går nok til runde nummer to, og me har nok administrative ressursar til å vinne ein runde to også. Dersom Sargsyan ikkje let oss vinna vil me likevel kjempa vidare mot det tatar-åket Armenia ligg under i dag, avsluttar Zeynalyan, med referanse til dei tunge åra Tsar-Russland leid under Mongolherskaren Djengis Khan.