Meir enn halvparten av veljarane har avgitt si stemme | Den norske Helsingforskomité

Meir enn halvparten av veljarane har avgitt si stemme

(19/02-2008) Det ser ut til å bli stor deltaking ved presidentvalet i Armenia, men statsvitarar åtvarar mot å stola blindt på dei offisielle tala.

Den Sentrale Valkommisjonen meldte klokka 17.00 lokal tid at 57.14% av armenarane med rett til å stemme har avlagt stemma si. Det offisielle talet på veljarar ved presientvalet i Armenia er 2 312 945.

I følgje den Sentrale Valkommisjonen har dermed 1,3 milionar armenarar allereie stemt.

Den kjende statsvitaren Davit Petrosyan er ikkje samd med det offisielle talet, og tykkjer det er for høgt.

– Det vert nok høg deltaking ved valet, seier han, men ikkje meir enn 1,3 milionar. Ved det første presidentvalet var det 1,7 millionar som stemte, men det er meir enn 15 år sidan og mange armenarar har forlete landet sidan den gongen. Dersom det vert meir enn 1,5 millionar stemmer er det garantert valfusk, åtvarar Petrosyan.