Meldingar om uregelmessige vallister og kjøp av stemmer | Den norske Helsingforskomité

      Meldingar om uregelmessige vallister og kjøp av stemmer

      (19/02-2008) Tre timar etter at stemmelokala opna er det allereie kome meldingar om mistenkelege forhold med vallistene, og veljarar har fått utbetalt pengane dei vart lova for stemma si.

      Dei siste vekene har det versert rykter om at folk vert oppsøkte heime av velkledde unge menneske som spør kva den einskilde har tenkt å stemma. Dersom svaret ikkje er Serge Sargsyan har personane blitt tilbydd 5000 armenske dram, (ca. 87 kroner) dersom dei stemmer på den sitjande statsministeren ved presidentvalet. Mange skal ha skreve under på dette skjemaet i frykt for kva som kan skje dersom dei ikkje gjer det. I går vart det klart at fleire av personane som har skreve under på desse listene har fått utbetalt sine 5000 AMD.

      Frå fleire hald har veljarane fått informasjon som stadfestar at det er hemmelege val i Armenia. Ingen kan dermed kontrollera kven ein veljar har stemt på. Opposisjonskandidaten Artur Baghdasaryan har oppmuntra veljarane til å ta pengane og så stemma på kven dei vil, sidan det ikkje er mogeleg å finna ut kven ein har stemt på. Frå offentleg hald, mellom anna ombodsmannen Armen Harutyunyan, er det avvist at det finst kamera i stemmelokala. Likevel er folk usikre, og det er vanskeleg å seia korleis dette vil ha innverknad på det endelege valresultatet.

      Indirekte er det press frå autoritetspersonar som er det mest utbreiddte. Her kjenner ein overordna som er uroa for jobben sin seg plikta til å be sine underordna stemma for den eine eller andre kandidaten. Dette skjer gjerne på den overordna sitt eige initiativ, og til fordel for alle dei ulike kandidatane.

      Menneskerettsorganisasjonen Civil Society Institute har i samarbeid med Armenian Committee of the Helsinki Citizens’ s Assembly oppretta eit telefonnummer til ei sokalla Hotline. Har kan veljarar som har spørsmål eller meldingar om noko mistenkeleg ringja inn og få tilbakemelding frå juristar. Linja har vore i drift frå 15. januar og vil vera open fram til 15. mars. Det har vore ein jamn straum av telefonar frå oppstarten, mykje i samband med omregistrering av veljarlistene grunna endringar i vallova. I ei endring frå november 2007 kan veljarar no stemma der dei bur i staden for der dei er registrerte, og det er denne omregistreringa som voldar problem for nokon, sjølv om det har vore veljarkampanjar på fjernsyn og radio med informasjon om korleis det skal gjerast reint praktisk.

      Allereie tre timar etter at vallokala opna for veljarane den 19.februar har telefonane strømt på. Denne gongen er meldingane meir alvorlege. I eit område av byen er det meldt at namna til avdøde menneske er å finna på vallistene. Ein annan stad namna til menneske som ikkje bur i Armenia lenger. I tillegg til juristar som svarar på telefonar har også CSI bilar med lag av ein jurist, ein observatør, ein journalist og ein aktivist som kan rykkja ut på særleg alvorlege oppdrag. Kontaktpersonen som ringte om dei avdøde personane ville ta opp saka i stemmelokalet, men ville gjerne ha det dokumentert ved at nokon utanfrå var til stades, og ringde dermed til telefonen.

      Klokka 12 lokal tid er det enno ikkje meldt om særleg alvorlege brot på føreskriftene.