OSSE offentleggjer sin andre interimrapport | Den norske Helsingforskomité

OSSE offentleggjer sin andre interimrapport

OSSE offentleggjer sin andre interimrapport

(15/02-2008) Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa kallar den armenske valadministrasjonen ”well-prepared”. Men rapporten frå i går skildrar fleire hendingar som ikkje er i samsvar med internasjonale plikter.

Administrativt ser det ut til at armenske institusjonar er i rute med tanke på praktisk gjennomføring av valet neste veke. Likevel er det fleire tilfelle under valkampen som gjer at OSSE nøler med å vera utelukkande positiv.

Aktiviteten i media har intensivert kraftig og betra seg til ein viss grad, medan det er vanskeleg å skilje mellom dei daglege handlingane til statsminister Serge Sargsyan og valkampen til presidentkandidat Serge Sargsyan. Dette har også innverknad på mediedekkinga og omfanget av valkampen.

Den Sentrale Valkommisjonen hadde mottatt 18 offisielle klager innan den 9.februar, og to saker har blitt meldt til grunnlovsdomstolen og den administrative domstolen. Fleire av klagene omhandlar stemmekjøping og åtak på kandidatar eller deira stab.

Som medlemsland i OSSE og andre internasjonale organisasjonar har Armenia bunde seg til ei rekkje internasjonale avtaler som garanterar innbyggjarane grunnleggjande menneskerettar. Dette skal i følgje det sokalla Københavndokumentet frå 1990 gå føre seg gjennom mellom anna frie og rettferdige val med jamne mellomrom, hemmeleg stemmeavgjeving, lik deltaking for alle kandidatar utan hindringar, og allmenn stemmerett. Slike føreskrifter er også nedførte i dokumentet ”Commitments for democratic elections in OSCE participating states.” Pliktene er vidare inkorporerte i den Armenske Vallova av 5.februar 1999, med endringar som trådde i kraft i november 2007. Desse endringane bygde på ODIHR sine tilrådingar etter parlamentsvalet i mai 2007, men skjedde utan direkte rådføring med desse. Den armenske grunnlova av 1995 har også inkorporert garantiar for sivile og politiske rettar.

 

Kampanjen

 

Valkampen byrja offisielt 21.januar og varer til midnatt 17.februar. Åtte av kandidatane har hatt møter, og berre Ter-Petrossyan opplevde uro på nokre av sine møter, der nokre av tilhøyrarane i eitt tilfelle kasta ting på folkemengda og skada Ter-Petrossyan sin livvakt. Fleire av kandidatane rapporterer om at deira valkontor har blitt ramponert, eller at lokale styresmakter ikkje har utstyrt dei med valkampkontor eller område for kandidatane sine kampanjeplakatar slik dei er plikta til. I Jerevan er det stor skilnad på Sargsyan og dei andre sine kampanjeplakatar. Statsministeren sine plakatar er store og lette å sjå, medan andre kandidatar er vanskelegare å få auge på. Nokre av desse kandidatane klagar også over at deira plakatar systematisk blir rivne ned eller klistra over. Statsministeren sine plakatar kan ein derimot finna på offentlege og statlege bygg, på store reklametavler og i butikkvindauge.

Etter at ODIHR iverksette medieovervåkinga 11.januar har situasjonen betra seg mykje. Dekkinga er meir jamn over alle kandidatane, og dei politiske innslaga har sjølvsagt blitt fleire ettersom valdagen nærmar seg. Offentleg TV og radio har gjeve gratis tid til alle kandidatane slik dei er forplikta til gjennom vallova, og dei fleste kandidatane gjev åtte av kandidatane om lag jamn TV-tid. Det er likevel tydeleg at statsminister Serge Sargsyan får meir omtale enn dei andre kandidatane. Omtalen er også positiv i alle kanalar. Dei fleste kandidatane blir omtalte i nøytrale ordelag, berre Levon Ter-Petrossyan får negative kommentarar i fjernsynssendingane. Kanalane bryt dermed med artikkel 20 i vallova som skal garantera kandidatane ”upartisk og ikkje-dømmande omtale.” Levon Ter-Petrossyan vende seg til grunnlovsdomstolen med desse klagene, men nådde ikkje fram der.

Kandidatane er etter vallova plikta til å oppretta ein særleg bankkonto for valkampen, og å rapportera på denne. Maksimumsummen skal ikkje overstiga 70 millionar armenske dram (AMD), tilsvarande 155 000 euro. Innrapporterte summer viser stor skilnad mellom Sargsyan sine tilgjengelge 69,5 mill AMD, Vahan Hovhannesyan sine 45,5 mill. og Aram Harutyunyan sine 190 000 AMD. Sargsyan sine rapporterte midlar er omstridde, og føyer seg inn i rekkja over kritikk over at han mest sannsynleg nyttar offentlege midlar i valkampen. Stor kritikk vert retta mot Sargsyan sine møter i regionane, der han i mange tilfelle vert akkompagnert av ei popgruppe frå hovudstaden, og skuler og andre offentlege institusjonar får fri den ettermiddagen møtet finn stad. Sargsyan har imøtegått kritikken av at folk vert tvungne til å gå på møta hans med å sei til tilhøyrarane at dei er frie til å gå heim dersom dei ikkje er der av fri vilje. Dette er også eit vanskeleg spørsmål sidan Sargsyan held fram statsminister embetet sitt under valkampen.

Valobservatørar

Tilstades for å observere oppfølginga av dei internasjonale pliktene er ein OSSE/ODIHR EOM, Election Observation Mission, med hovudsete i Jerevan. Her har 11 medarbeidarar frå ni ulike OSSE-land vore i aksjon frå 10.januar med ulike ansvarsområde. Dette går frå logistikk-ansvar til analyse av mediasituasjonen, statistikk, den politiske situasjonen og lovgjeving. Det er EOM som publiserer rapportane i forkant og etterkant av valet og uttaler seg om resultatet er i samsvar med internasjonale reglar eller ikkje. 15.januar vart også 28 langtidsobservatørar plasserte rundt i dei ulike marzane i landet, og 250 korttidsobservatørar skal også bidra i dagane umiddelbart rundt og på valdagen.

I tillegg til den mykje profilerte delegasjonen frå OSSE/ODIHR er det fleire internasjonale og lokale observatørar. PACE, Europarådet si Parlamentarikarforsamling, sender 27 observatørar under leiing av britiske John Prescott 18.februar. Saman med desse kjem også observatørar frå OSSE-parlamentet og Europaparlamentet. Lokale organisasjonar er sterkt representerte med 12875 observatørar frå 39 ulike ikkje-statlege organisasjonar med varierande mandat. Samveldet av Uavhengige Statar (SUS) og SUS si interparlamentariske gruppe sender også 32 observatørar og publiserer eigne interimrapportar. Det er ønskeleg at nærveret av observatørar kan vera med på å stimulera til oppfølging av dei internasjonale pliktene, men observatørane skal ikkje gripa inn i slike eventuelle situasjonar.