Observatørar sjokkerte over kva dei har sett | Den norske Helsingforskomité

Observatørar sjokkerte over kva dei har sett

(20/02-2008) Den sentrale Valkommisjonen seier 1 641 672 menneske (69.25%) stemte ved presidentvalet i Armenia i går.

Vallokala stengte kl. 20 lokal tid etter ein lang dag med openbare brot på vallova som stemmekjøping, ballot stuffing og valdsbruk. I Erebuni-distriktet sør i Jerevan vart lyset slått av fem over åtte. Dette er ein av dei regionane i Jerevan med flest brot på internasjonale reglar i løpet av dagen. Like etter på denne lista følgjer Malatia-Sebastia der det er meldt om skyting no i kveld.

Ambulanselaga som vender tilbake til CSI-kontoret no i kveld er sjokkerte over kva dei har sett i løpet av dagen, og kallar hendingane ”avskyelege” og ”kaotisk.” Dei er skikkeleg uroa over at dei ikkje har høve til å vera tilstades ved stemmetellinga, for dei er overtydde om at det kjem til å skje vidare brot. Observatørane melder om minibussar med veljarar som blei køyrde frå stemmelokale til stemmelokale, journalistar som blei fratekne kamera sine eller minnebrikkene, to eller til og med tre personar inne i stemmeavlukket samstundes og meire til.

Hotlinen kan reknast som ein suksess etter at over 470 samtalar vart mottekne i dag. Til samanlikning kom det 300 samtaler under heile parlamentsval-perioden. I tillegg var ambulanse-laga kledde i gult og vart lagde merke til på utrykning, ettersom dei overhøyrde fleire gonger kommentarar som ”Dei gule kjem, slutt no.” Også andre hotliner var i drift i Armenia i dag.

Ein exit-poll publisert av Alfa-Ga melder at Levon Ter-Petrossyan leder stort. I følgje denne exit-pollen stemte 54,2% på Levon Ter-Petrossyan, 24,4% på Serge Sargsyan, 8,4% på Vahagn Hovhannisyan, 8,2% på Artur Baghdasaryan, 1,5% på Vazgen Manukyan, 1,3% på Artashes Geghamyan, 1% på Tigran Karapetyan, 0,5% på Aram Harutyunyan og 0,5% på Arman Melikyan. I følgje ein exit-poll av britiske Populus fekk derimot Serge Sragsyan 57.01% av stemmene og Levon Ter-Petrossyan 17,04%. 

OSSE kjem med si uttale om valet klokka fire lokal tid i morgon, to timar etter at Serge Sargsyan har samla sine tilhengjarar på Fridomsplassen og ein time etter at Levon Ter-Petrossyan har samla sine tilhengjarar ved Matenadaran-museet like i nærleiken.