Serge Sargsyan innsett som president i Armenia | Den norske Helsingforskomité

Serge Sargsyan innsett som president

(07/04-2008) Mens over tusen opposisjonelle ropte slagord mot han to kilometer unna, vart Serge Sargsyan innsett som president i Armenia i Operabygningen, omkransa av soldatar og politi.

9.april 2008, nøyaktig 40 dagar etter at meir enn 8 menneske døydde i samanstøyt mellom politiet og demonstrantar som kritiserte gjennomføringa og resultatet av presidentvalet 19.februar, vart Serge Sargsyan innsett som president av Armenia. Sentrale delar av byen var avstengte av politimenn med batongar, og monumentet der folk ville leggja ned blomar for å minnest dei døde, var omringa av opprørspoliti med hjelmar, skjold og batongar. Ikkje langt unna var væpna spesialstyrker klare til å rykka inn dersom det skulle trengst. International Crisis Group og Human Rights Watch publiserte kritiske rapportar dagen før innsetjinga, og USA sin utsending til seremonien Matthew Bryza understrekte at presidenten må gjennomgå spesifikke steg for å få landet tilbake på ei demokratisk linje og for å oppretta tillit hos folket. Den norske ambassadøren takka nei til å vera tilstades på seremonien, saman med fleire andre statlege representantar. Utfordringane står i kø for den nye presidenten som har vore i hard vind sidan valdagen.

Valet 19.februar som vart kritisert frå fleire hald, utnevnte dåverande statsminister Serge Sargsyan som president med 53% av stemmene. Tidlegare president Levon Ter-Petrossyan vart nummer to med 21% av stemmene. To av dei andre presidentkandiatane er no i koalisjon med Sargsyan sitt Republikanske Parti i nasjonalforsamlinga, medan Ter-Petrossyan sit i effektiv husarrest. Ter-Petrossyan utfordra valresultatet i grunnlovsdomstolen, men tapte. Så snart valresultatet vart offentleggjort 20.februar samla folk seg i fredeleg demonstrasjon på Operaplassen i dei følgjande 10 dagane, nokre overnatta i telt. Opplegget var velorganisert med utdeling av mat, te og ved til dei frammøtte, og det var musikk og appellar frå scena. Men tidleg om morgonen 1.mars kom politi og tryggingsstyrker til teltleiren og rydda plassen med batongar, elektrosjokkpistolar og vasskanonar, og gjekk til åtak på dei uvæpna demonstrantane. Utover dagen samla ei stor folkemengd seg ved Myasnikyan-monumentet ved dei franske og italienske ambassadane, med stort politioppbod rundt seg. I fire-tida rådde ei seiersstemning i folkemengda då tryggingsstyrkene trekte seg tilbake, men utover kvelden væpna folk seg i otte for at politiet skulle kome tilbake. Det gjorde dei også, og i løpet av natta vart over hundre skadde og fleir enn 8 drepne i samanstøyta mellom politi og demonstrantar. Det er framleis usikkert kva som eigentleg skjedde den natta, og frå fleire hald har det kome oppmodingar om at dei armenske styresmaktene må iverksetja uavhengig etterforsking av hendingane.

Dåverande president Robert Kocharyan innførte ein 20-dagars unntakstilstand den natta, med kraftige avgrensingar på grunnleggjande menneskerettar som forsamling og pressefridom. Over 100 opposisjonelle er arresterte sidan valdagen. Då unntakstilstanden nærma seg slutten, 17.mars, gjennomførte nasjonalforsamlinga eit hastemøte der dei godkjende endringar i lova om forsamlingar; endringar som i praksis gjer det umogleg å gjennomføre ei lovleg forsamling. Likevel har fleire hundre menneske samla seg kvar dag i Nordre Aveny i stille protest mot valresultatet og arrestasjonane av over hundre opposisjonelle. Politiet har brukt ulike taktikkar for å skremma folk bort, frå bruk av opprørspoliti til massearrestasjonar, men rundt 100-200 menneske har likevel vore tilstades kvar ettermiddag. 7.april samla rundt 200 kvinner seg også foran Statsåklagaren sitt kontor og krevde at mennene deira skulle setjast fri frå politisk fangenskap. Korkje Sargsyan eller Kocharyan har kome med noko utspel til svar til kvinnene som demonstrerer.

Innsetjingsdagen 9.april starta med at 20 varmluftballongar svevde over byen som ledd i festivalen ”Fargerik himmel” som skal vare i fire dagar. Ballongane var eit vakkert syn der dei svevde roleg avgarde, men vitsane som florerte gav eit godt bilete av stemninga i Jerevan for tida: Desse ballongane er styresmaktene sitt nye påfunn for å spionera på og kontrollera innbyggjarane…

Med over 100 aktive opposisjonelle i fengsel, og den nye lova som i praksis forbyr forsamling i kraft, var det vanskeleg for dei opposisjonelle å organisere protest på innsetjingsdagen til den omdiskuterte presidenten. Likevel vart det organisert fleire små pickets i eitt-tida; framfor ambassadene i Armenia, Statsåklagaren sitt kontor, OSSE sitt kontor i Armenia, og den Sentrale Valkommisjonen. Framfor OSSE-kontoret var om lag 20 unge menneske samla med plakatar kritiske til det dei kallar OSSE sin dobbelstandard, etter at OSSE/ODIHR 20.februar kom med ei første utsegn som kalla gjennomføringa av valet ”mostly in line” med internasjonale standardar, men med behov for betring. ”If these are your standards, we don’t want them” stod det på nokre plakatar, ”One step forward?” på andre. Demonstrasjonen gjekk roleg for seg, nokre politioffiserar var tilstades, men det var høfleg samtale mellom politi og demonstrantar. Etter eit kvarter samla demonstrantane saman plakatane og bevegde seg mot den andre enden av byen, der neste protestaksjon var planlagd.

Myasnikyan-monumentet på plassen ved dei franske og italienske ambassadane eit par kilometer frå Operaplassen var åstad for mange av samanstøyta mellom demonstrantar og politi natta mellom 1. og 2.mars. Fleir enn 8 menneske vart drepne denne natta, og i følgje armensk-apostolisk kristentru svever sjela til den avdøde rundt på jorda i 40 dagar før ho stig opp til himmelen. 9.april var det nøyaktig 40 dagar sidan desse 8 menneskene døydde, og folk samla seg for å minnest dei døde med blomar, stearinlys og røykjelse. Allereie to dagar før hadde monumentet blitt avstengt for oppussing, utan at nokon framgang vart lagt merke til. Den 9.april kom opprørspoliti og omringa monumentet etter at fleire av pesonane som hadde lagt ned blomar ikkje ville forlata området. Etter kvart vart det meir enn tusen menneske til stades ved monumentet, som var dekka av blomar og svarte band. Det var sterke og motstridande kjensler der over tusen menneske ropte slagord mot presidenten som blei innsett i Operabygningen i same augneblink, og dei hundre som stille ville sørga over sine døde. I det Serge var blitt innsett som president tente kvinnene røykjelse ved monumentet.

”Serge, du er ein drapsmann,” ropte folkemengda, ”Serge, gå din veg,” ”Fritt Armenia” og ”Levon-President.” Ein gut heldt ein plakat med påskrifta ”Det var vår som skulle komme, men det var blod som kom” med referanse til 1.mars som i Armenia er den første vårdagen, men som endte som ein ”blodig laurdag.”Den store folkemengda vaks over ein time, og eit par profilerte politikarar kom til staden for å vise sin respekt. Politiet forheldt seg rolege til å byrje med, men etter halvannan time var gått, fekk demonstrantane melding om å gå. Samstundes byrja det å regne, og folk trakk seg unna. ”Dei trua oss til å gå, sa to kvinner i parken ved sida av monumentet, på veg heim, men me fekk no sagt det me ville.” Litt lenger borte i parken sprang to ungdommar bort frå politiet, men vart avskorne i andre enden av parken og ført bort av politiet. ”Kor tek de dei, kva har dei gjort,” ropte damene, men fekk ikkje noko svar. Det er enno usikkert kva som skjedde med dei to, men menneskerettssgrupper er involverte i kva som skjer med dei mange som blir arresterte, og følger opp dei mange sakene så godt dei kan.

På same tida vart Serge Sargsyan innsett som president i ein pynta Operasal. I følgje offentlege kjelder deltok gjester frå 58 land og 12 organisasjonar, mellom anna NATO. Etter at talar og ed var overstått i Operasalen overvar Sargsyan ein militærparade på plassen som 40 dagar tidlegare hadde vore dekka av telt og hans motstandarar. Fleire gater i alle retningar var avstengde, og ingen innbyggjarar fekk høve til å nærma seg Operaplassen eller den ruta den nye presidenten tok til presidentresidensen

Klokka åtte om kvelden var det duka for folkefest på Republikk-plassen med retur av alle varmluftballongane, konsert og lasershow. For mange var dette eit lykkeleg avbrekk i ein elles hard kvardag, for andre årsak til sinne og irritasjon. På minnedagen for over 8 dødsfall såg dei det ikkje som passande med slik storfest, og fleire meinte at Sargsyan kunne utsett innsetjinga med ein dag for å respektera dei døde. Det er også reist kritikk for at han ikkje har utlyst offisiell sørgedag for dei omkomne. Dei fleste som var tilstades på konserten var der for å hygga seg, men nokre opposisjonelle samla seg og ropte slagord. I følgje vitne vart dei fort singla ut av sivilkledde politimenn, nokre vart slått og to førte bort til ein politibil. Dei vart pressa opp i Nordre Aveny, for så å bli pressa ned att. Stemninga var litt anspent ei stund, men det gjekk over, og ikkje lenge etter gav folk seg på heimvegen etter ein lang dag.

Det er usikkert kva som no vil skje i Armenia, ettersom den nye presidenten har minimalt med stønad i den armenske befolkninga, og vert kritisert både heime og frå utlandet. Fleire statsvitarar og politikarar har peika på at det no er viktig at presidenten så snart som råd gjennomfører nokre trekk for å gjera seg meir populær, men også for å eina det armenske samfunnet, eit samfunn som no er sterkt polarisert og misnøgd. Den nye forsamlingslova er i praksis ei anti-forsamlingslov, statskritiske aviser vert utsett for skatterevisjon og hindra i arbeidet sitt, tiltrua til media, politiet og rettsvesenet er så godt som fråverande, og dei som har høve til det snakkar om å forlata landet. Den nye presidenten refererte til hardt arbeid i innsetjingstala si, og det er ingen tvil om at han må setja i verk effektive tiltak umiddelbart.