Stønad frå offisielt hald ender med arrest | Den norske Helsingforskomité

Stønad ender med arrest

Stønad ender med arrest

(26/02-2008) Fleire høgtståande og offisielle personar har no mista jobben eller blitt arresterte etter at dei meldte sin solidaritet med demonstrantane på Fridomsplassen.

Fleire politikarar og offisielle personar har møtt opp på Fridomsplassen og talt til forsamlinga, samstundes som andre har gått ut offentleg i media og sagt opp stillinga si i protest mot dei armenske styresmaktene si gjennomføring av valet.

Søndag kveld vart det klart at den Sentrale Valkommisjonen etter kontroversiell oppatteljing av stemmene igjen finn at Serge Sargsyan er Armenia sin nye president, trass i at to av åtte kommisjonsmedlemmer ikkje har underteikna protokollen.

Fleire av dei offentlege personane som stør demonstrantane har mista jobben og er arresterte. I ein uttale lest under Ter-Petrossyan sitt protestmøte søndag seier nokre armenske diplomatar at dei er “rasande” på valfusket og meinte gjennomføringa hindra valet i å vera “sivilisert, fritt og rettferdig.”

Oppmodinga om å nytta lovlege middel til å skapa demokrati og gje Armenia eit godt rykte utanlands var underteikna av talsmann for Utanriksdepartementet Vladimir Karapetyan, og UD sine deskansvarlege for NATO, Nord-Amerika og FN. På laurdag kom det ei liknande solidaritetserklæring frå vise-utanriksminister Armen Bayburtyan, Armenia sine ambassadørar til Italia og Kazakhstan, og ein utsending til den armenske ambassaden i Ukraina. Diplomatane blei satt fri frå pliktene sine og mista tittelen som ambassadør.

Vise-speaker i parlamentet og kandidat i presidentvalet Vahan Hovhannisyan meldte i ein pressekonferanse fredag at han trekkjer seg frå stillinga som vise-speaker grunna den dårlege innsatsen i presidentvalet. Ved parlamentsvalet i mai 2007 fekk partiet hans rundt 13% av stemmene, i konkurranse med 24 andre parti. I presidentvalet med ni kandidatar kom han på fjerdeplass med 6,1% av stemmene. Hovhannisyan viste til at han i kampanjen ikkje hadde greidd å få veljarane til å stola på at dei kunne stemma ”for” og ikkje ”mot,” og at ”ein atmosfære av intoleranse, hat, intimidering og trugsmål” var dominerande gjennom valkampen og påverka resultatet.

Vidare er vise-sjefsåklagar (Deputy Prosecutor General) Gagik Jahangiryan no utan arbeid og sett i fengsel etter ein opptreden på Fridomsplassen der han oppmoda dei frammøtte om å ta tilbake stemmene sine etter eit val ”med ei slik mengde juks, vald, juling og intimidering ein ikkje har vore vitne til tidlegare.” Jahangiryan sin bror Vardan er også arrestert, og ifølgje Armenia sin ombodsmann Armen Harutyunyan som vitja dei i fengslet er dei i god form. Jahangiryan skal ha brote med loven sidan ein person som arbeider med juridiske spørsmål ikkje skal blande seg i politikk. Frå Levon Ter-Petrossyan sin stab melder dei at Jahangiryan sin advokat ikkje får vitja klienten sin i fengslet.

Også fleire andre høgstståande offisielle personar er arresterte etter å ha vist stønad med demonstrantane. Leiar for partiet ”Nye Tider” Aram Karapetyan vart bortført av menn i masker på gata, og ført til bygningen til den Nasjonale Tryggingstenesta NSS. Tidlegare medlem i Parlamentet og medlem av ”Republikk-partiet” Smbat Aivazyan vart også bortført av maskerte menn på gata, og teken til 6. avdeling for organisert kriminalitet.