Statsminister Sargsyan ser ut til å vinna | Den norske Helsingforskomité

Statsminister Sargsyan ser ut til å vinna

Statsminister Sargsyan ser ut til å vinna

(21/02-2008) I følgje den Sentrale Valkommisjonen og nasjonal TV er sitjande statsminister Serge Sargsyan Armenia sin nye president etter overveldande siger i første runde av valet.

Den Sentrale Valkommisjonen presenterte i dag tidleg klokka ti lokal tid dei mellombelse tala etter stemmeopptellinga var avslutta i går natt. Serge Sargsyan fekk eit klart fleirtal av stemmene medan nummer to vart Levon Ter-Petrossyan med under halvparten av stemmene til vinnaren.

I følgje desse tala fekk Serge Sargsyan 52,8% av stemmene, Levon Ter-Petrossyan fekk 21,5%, Artur Baghdasaryan 16,7%, Vahan Hovhannisyan 6,2%, Vazgen Manukyan 1,3% og dei resterande kandidatane mindre enn éin prosent av stemmene kvar.

Nettsida a1plus gratulerte imidlertid Levon Ter-Petrossyan med sigeren, og det same gjorde Ter-Petrossyan sin leir utpå natta. Ter-Petrossyan sin leir er misnøgd med gjennomføringa av valet og kallar til protestmøte i sentrum av Jerevan i dag. Også dei andre kandidatane viser til ei rekkje problem under valet.

OSSE kjem med si uttale om gjennomføringa av valet klokka fire lokal tid, og det er venta at denne utsegna vil ha innverknad på framferda til gruppene som kjem til å samla seg i byen.