Stor kontrovers om valresultatet | Den norske Helsingforskomité

Stor kontrovers om valresultatet

OSSE kallar valet ”mostly in line” med internasjonale standardar, SUS kallar valet ”fritt og ope,” og tusenvis av opposisjonsvenlege demonstrerer i sentrum av Jerevan.

I går ettermiddag vart det kjent at OSSE/ODIHR fann presidentvalet i Armenia til å vera ”mostly in line” med internasjonale plikter, men understrekte at nokre betringar framleis må til, særleg i samband med oppteljing av stemmer. Observatørane frå SUS (Samveldet av uavhengige statar) kalla valet ”fritt og ope,” og var nøgde med transparent teljing av stemmer. Ved Matenadaran-museet i sentrum av byen samla fleire tusen tilhengjarar av opposisjonskandidaten Levon Ter-Petrossyan seg til protestmarsj, medan Fridomsplassen der Serge Sargsyan sine plakatar og glitterkanonar var klare til feiring, var tom.

I følgje den Sentrale Valkommisjonen vann sitjande statsminister Serge Sargsyan valet med 52.8% av stemmene. Levon Ter-Petrossyan fekk 21.5%, Artur Baghdasaryan 16.7% og Vahan Hovannisyan 6.1%. Dei resterande kandidatane fekk rundt 1% i følgje Valkommisjonen. Denne protokollen vart underteikna av 6 av 8 kommisjonsmedlemmer. Dei to medlemmene frå opposisjonspartia Heritage og Rule of Law nekta å underteikna. Det endelege resultatet er venta 26. februar. I mellomtida har fleire statsleiarar, mellom anna Frankrike sin president Nicolas Sarkozy, gratulert Serge Sargsyan med den overveldande sigeren som gjorde ei andre runde av presidentvalet overflødig.

 

Opposisjonskandidaten frå Rule of Law-partiet, Artur Baghdasaryan kom i går med ei utsegn der han ikkje godkjenner valet, og bad om kansellering av resultata frå 100 av stemmelokala. Han kravde også omteljing av resultata frå 200 andre stemmelokale. Vahan Hovhannisyan og hans Armenian Revolutionary Federation var skuffa og innsåg at dei hadde gjort eit dårleg val, og markerte i staden 20-årsjubileet for Karabakhkrigen med å leggja ned blomar på partimedlemmer sine graver. Levon Ter-Petrossyan sine tilhengjarar samla seg ved Matenadaran-museet og førebudde seg på lang motstand.

 

Ter-Petrossyan sine tilhengjarar byrja samla seg allereie to timar før den offisielle starten på møtet, og det vart stort oppmøte trass i at fleire vegar inn til Jerevan var stengte, at fleire T-banestasjonar i sentrum ikkje var i drift, at det var voldsam mangel på minibussar, og at det kom ei offisiell åtvaring om at det ikkje var tilrådeleg å opphalde seg på gatene. Opprørspoliti med hjelmar, batongar og spesialkøyretøy var klare, men heldt seg på avstand gjennom heile dagen. Elles i byen var det fleire av innbyggjarane som ikkje let seg merka med noko, og gjennomførte sine daglege gjeremål som ein kvar annan dag

Etter at OSSE kom med si utsegner på ein pressekonferanse på det fasjonable Marriott-hotellet, byrja Ter-Petrossyan sine tilhengjarar å marsjera gjennom byen. Dei ropte ”Levon: President,” ”Sergik, gå av” slik som før, men kom også med oppmodingar til dei som stod utanfor og følgde med: ”Dersom de ikkje går med oss er de ikkje betre enn Geghamyan!” Denne kommentaren er ei tilvising til den eine presidentkandidaten som gjekk frå å kritisera Sargsyan og Kocharyan til å stø dei utan vilkår under valkampen. Folkemengda plystra og bua framfor Regjeringsbygget i sentrum og fortsette vidare til den Sentrale Valkommisjonen som politiet hadde verna med ymse utstyr.

Marsjen enda på Fridomsplassen der Levon Ter-Petrossyan talte til forsamlinga og sa dei ikkje kom til å gje seg. Dersom me ikkje vinn i dag vinn me i morgon, sa han, medan folkemengda ropte ”No! No!” Stemninga var imidlertid roleg, og det kom ikkje til nokre samanstøyt mellom demonstrantar og politi. Ter-Petrossyan kalla til eit nytt møte i dag klokka tre. Like etter klokka åtte var møtet over, og deltakarane gjekk kvar til sitt.

Dagen vart avslutta på Republikkplassen, der regjeringsbygget og fleire departementsbygg er plasserte. Eit voldsamt fyrverkeri markerte at presidentvalet var over og ein ny president vald i Armenia. Politi hadde stengt av den tungt trafikkerte plassen for trafikk, og elles var plassen tom.