Det norske valget sett gjennom diktaturets briller

- Det er viktig å ha eit kritisk blikk utanfrå på det demokratiet me tar for gitt her heime, seier Bjørn Engesland i Helsingforskomiteen. Han har invitert 26 internasjonale observatørar til Stortingsvalget.

Skal du stemme ved Stortingsvalget? I Norge er dette gjerne det største problemet knytta til valget: i kva for grad vel folk å nytta seg av retten dei har til å påverka politikken i landet? Men ikkje langt frå oss, rett over grensa til Russland og nabolanda, blir valgobservatørar, demokratiaktivistar, journalistar og opposisjonspolitikarar utsette for truslar, arrestasjonar, vald og drap. Likevel held dei fram arbeidet, og nokre av dei kjem no til Norge for å sjå på demokratiet vårt gjennom diktaturets briller.

-Det nylege presidentvalget i USA har vist at i dagens mediesamfunn skal det ikkje mykje til før valresultatet blir noko heilt anna enn venta. Nye styresmakter tek uventa til å endre på lovgjeving og rettar ein trudde var sikra for alltid. Utviklinga i Ungarn og Polen viser det same her i Europa. Det er viktig å ha eit kritisk blikk utanfrå også på dei rettane og det demokratiet me tar for gitt her heime, og kven er vel betre eigna til det enn dei som sjølv arbeider for å oppnå liknande rettar i sine heimland? seier Generalsekretær Bjørn Engesland.

Den norske Helsingforskomité arrangerer for fjerde gong valgobservasjon av det norske Stortingsvalget. 26 erfarne valgobservatørar frå 10 land kjem til Norge for å observere – frå Bergen i sør-vest til Kirkenes i nord-øst, frå Arendal til Karasjok og Sametinget. Slik snur me tradisjonell valgobservasjon på hodet. Her får dei erfarne aktivistane delt sin kunnskap og erfaring med kvarandre, og observert korleis eit valg blir gjennomført i eit veletablert, robust demokrati bygga på tillit. Alle deltakarane er valt ut på bakgrunn av tidlegare erfaring med valgobservasjon, og deira modige arbeid for å fremje demokrati i sine respektive heimland. Her får dei også gitt oss i Norge eit nytt perspektiv på vårt eige demokrati. Er alt så perfekt som me vil ha det til?

Du har kanskje ikkje tenkt over at du no må hugse å vise legitimasjon når du skal stemme. For få år sidan var det ikkje tilfelle, men «våre» observatørar påpeikte i 2005 at dette var ein stor mangel, og i ettertid blei valglova endra. Likeeins sa me etter Stortingsvalet i 2013 at fristen for å telje med førehandsstemmer som har lang reiseveg, til dømes frå Finnmark, må forlengjast slik at alle stemmer blir telt. Dette er også blitt endra i norsk valglov takk vera observatørar frå land med heilt andre styresett enn vårt.

Kvifor valgobservasjon i Norge?

Den norske Helsingforskomité har observert valg i Russland, Kaukasus og Sentral-Asia i ei årrekkje, og dette er fjerde gongen eit norsk valg blir observert systematisk av ein internasjonal delegasjon på vegner av Helsingforskomiteen. Me gler oss til å ta i mot delegasjonen når han kjem til Norge 7. september, og ser frem til å gi årets stortingsvalg ein ny dimensjon med observatørar frå land som Kirgisistan, Usbekistan, Ukraina, Georgia, Armenia og Moldova.

Dagen etter valget, tirsdag 12. september, arrangerer Helsingforskomiteen ein paneldiskusjon med heile observatørkorpset og forfattarane av ein rapport om valgobservasjon i autoritære statar til stades – her får forskarane prøvd sine akademiske analyser på demokratiforkjemparar frå Aserbajdsjan, Kasakhstan og Russland som opplever det autoritære på kroppen til dagleg. Paneldiskusjonen finn stad i Amalie Skram-salen på Litteraturhuset i Oslo klokka 14:00.

Foto: Tom Helge Bratlie, Eidsvoll 2013.