Kasakhstan: stabiliteten slår sprekker? | Den norske Helsingforskomité

Kasakhstan: stabiliteten slår sprekker?

Kasakhstan: stabiliteten slår sprekker?

Det olje- og gassrike Kasakhstan har lenge vore kjend som det best utvikla landet i Sentral-Asia, utan etnisk eller anna uro og med stabil økonomisk utvikling. President Nasarbajev har styrt landet sidan 1989, og med referanse til stabilitet og økonomisk framgang har både innbyggjarane og det internasjonale samfunnet stort sett latt Nasarbajev styre utan innblanding. Men så gjekk ei gruppe oljearbeidarar i det vestlege Kasakhstan i mai 2011 i streik for å få den løna og arbeidsforholda dei meinte dei hadde krav på etter lova. I sju månader var det ingen som brydde seg særskild om dei streikande, før dei skrekkelege nyhenda kom den 16.desember 2011: minst 17 menneske var drepne og fleire skadde i opptøyar mellom streikande og politistyrkar i den vesle byen Zhanaozen i ørkenen. Korleis kunne ein grunnleggjande arbeidskonflikt om lovregulert løn og arbeidsforhold gå så langt?

Tid: Torsdag 2.februar, 14:00 – 16:00
Stad: Litteraturhuset, Amalie Skram

Program

14:00 Velkomen og innleiing
Gunnar Ekeløve-Slydal, assisterande Generalsekretær DnH

 

14:10 Arbeidarkonflikten i Mangistau:
Årsaker til og utvikling av konflikten: Jessenbek Uktesjbaev, formann i den uregistrerte uavhengige fagforeininga ”Zhanartu”
Undertrykking av streikande og hendingane 16.desember: Ainur Kurmanov, viseformann i ”Zhanartu” og Kasakhstans sosialistrørsle

 

14:50 Fagforeininga si rolle i oljeproduserande land
Lars E. Myhre, Spesialrådgjevar Industri Energi, leiar for Energiseksjonen i den internasjonale føderasjonen for kjemi-, energi- og gruvearbeidarar, ICEM


15:00 Kaffipause

15:15 Paneldebatt

------------

Gratis inngang

Påmelding: wetteland@nhc.no

Servering av kaffi, te og frukt

Seminaret går føre seg på russisk og norsk med tolking.