Kasakhstan ein storebror i Sentral-Asia men kven vernar menneskerettane? | Den norske Helsingforskomité

Kasakhstan – ein storebror i Sentral-Asia – men kven vernar menneskerettane?

Kasakhstan – ein storebror i Sentral-Asia – men kven vernar menneskerettane?

Kva er hovudutfordringane for Ombodsmannen i Kasakhstan i dag, i eit land som balanserer stabilitet og økonomisk utvikling med vern av internasjonale menneskerettar? Ombudsmannen i Noreg vitjar Oslo.

Tid: 9. juni 2011, 15:00 – 17:00

Sted: Fritt Ord, Uranienborgveien 2, Oslo

Påmelding til: wetteland@nhc.no

I april vart Nursultan Nasarbaev attvald som president i Kasakhstan. Valresultatet viste klart fleirtal for presidenten som har leia landet gjennom ei stødig økonomisk utvikling i løpet av dei siste 20 åra. Samstundes, med økonomisk utvikling følgjer også eit auka press for å verna om skattebetalarane sine rettar. Med eit slikt bakteppe skal Ombodsmannen sikra at rettane til folket er verna i tråd med internasjonale avtaler og forpliktingar. Korleis er Ombodsmannen i Kasakhstan sine føresetnader for å handsame desse utfordringane i dag?

Program:

• Bjørn Engesland, Generalsekretær i Den norske Helsingforskomité. Innleiande kommentarar.

• Askar Sjakirov, Ombodsmannen i Kasakhstan. Presentasjon om det rettslege systemet og institusjonane som vernar menneskerettane i Kasakhstan, om situasjonen for menneskerettane i Kasakhstan og utfordringar knytte til denne.

• Alf-Åge Hansen, Spesialrådgjevar ved Oslosenteret for fred og menneskerettar. Kommentarar til menneskerettssituasjonen i Kasakhstan med særleg fokus på religionsfridom.

• Debatt

Seminaret går føre seg på norsk og russisk med etterfølgjande omsetjing. Moderator er assisterande generalsekretær i Den norske Helsingforskomité, Gunnar Ekeløve-Slydal.

Gratis inngang. Servering av kaffi.