Ny lov undergrev respekten for menneskerettar og internasjonale avtaler | Den norske Helsingforskomité

Ny lov undergrev respekten for menneskerettar og internasjonale avtaler

Ny lov undergrev respekten for menneskerettar og internasjonale avtaler

Den 15.desember underskreiv President Vladimir Putin ei lov som gjev rettsleg heimel for den russiske grunnlovsdomstolen til å avgjera om dei skal gjennomføre eller ikkje gjennomføre vedtak mot Russland, mellom anna frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

–Den nye lova er nok eit tiltak som undergrev respekten for grunnleggjande menneskerettar og etablerte internasjonale avtaler i Russland, seier generalsekretær i Den norske Helsingforskomite Bjørn Engesland. Ved å undergrave etablerte avtaler og institusjonar på denne måten tek Putin nok eit steg bort frå det internasjonale selskap han så gjerne vil vera del av.

Lovforslaget blei introdusert av ei rekkje Duma-representantar den 18.november, under leiing av leiaren for komiteen for grunnlovsgjeving og statsbygging, Vladimir Pligin. Forslaget blei godkjent av Dumaen 4.desember, og underskrive av Putin 11 dagar seinare. Bare tre Duma-representantar stemte mot, 436 for.

Lova fastset ein rettsleg mekanisme som gjev høve for å la vera å gjennomføre rettslege vedtak mot Russland med utgangspunkt i prinsippet om den russiske grunnlova sin forrang og høgare juridiske kraft.

Samstundes er ikkje dette noko nytt i praksis. Russland er det landet som over fleire tiår har fått flest dommar mot seg i EMD, særleg på grunn av menneskerettsbrot under den vedvarande konflikten i Tsjetsjenia. Russland har som regel betalt kompensasjonen til offeret, men ikkje gjennomført andre krav i dommane som medfører endring i praksis. Vidare følgjer lova eit Grunnlovsdomstolsvedtak frå juli som også gjev Russland høve til ikkje å oppfylle avgjerder frå EMD som går imot grunnleggjande grunnlovsnormer.

Ny lov undergrev respekten for menneskerettar og internasjonale avtaler
Mikhail Khodorkovsky

Ein teori som forklarar kvifor denne rettslege endringa kjem nett no er i samband med Yukos-saka. EMD fann i 2014 at Russland skulle betala Yukos 1.9 milliardar euro i kompensasjon til Mikhail Khodorkovskij og andre aksjeinnehavarar i oljeselskapet. I etterkant av dette kom avgjerda frå Grunnlovsdomstolen og fleire utsegner om at slike dommar og avgjerder truga Russland sin suverenitet. Khodorkovskij har etter fleire år i fengsel og eitt år i eksil heldt fram med kritikken av Russland, og den 11.desember i år dukka det også opp ein ny tiltale mot han i samband med drapet på guvernøren av Neftegyansk i 2003.

– Paradoksalt nok har russiske styresmakter dei seinare åra gjort fleire innstrammingar på lovgjeving og grunnleggjande menneskerettar som i seg sjølve går mot den russiske grunnlova, påpeiker Engesland. Både lova om utanlandske agentar, forsamlingsfridom, sokalla propaganda om LHBTI-rettar og uønskte internasjonale organisasjonar er problematiske i så måte.

Fleire aktivistar som markerte grunnlovsdagen 12.desember med å halde plakatar med artiklar frå grunnlova blei tvungne ned i metroen og leiarane deira arresterte. Organisasjonen Memorial er blitt anklaga for undergraving av den russiske konstitusjonelle orden.

Ny lov undergrev respekten for menneskerettar og internasjonale avtaler
Svetlana Gannusjkina

Ei av dei mest framtredande menneskerettsaktivistane i Russland, Svetlana Gannusjkina, oppsummerte det heile då ho mottok Egor Gaidar-prisen for sitt bidrag til sivilsamfunnet i Russland tidlegare i år: «Memorial har blitt anklaga for å undergrave den konstitusjonelle orden i Russland. Anklagene er basert på Memorial sine protestar mot annekteringa av Krim, ei annektering som bryt med artikkel 15 av grunnlova. Og for protestane mot arrestasjonane av fredelege demonstrantar på Bolotnaja-marsjen, arrestasjonar som bryt med artikkel 31 av grunnlova. Så kven er det eigentleg som undergrev den konstitusjonelle orden?»

 

 

 

NHC i media

Nyhetsbrev