Russisk regionval avgjort på forhånd | Den norske Helsingforskomité

Russisk regionval avgjort på forhånd

Russisk regionval avgjort på forhånd

Klar dom frå russiske valobservatørar i GOLOS: Resultata frå det russiske regionsvalet søndag 13. september er avgjort i forkant, og valdagen tener kun som legitimering.

Medan det framleis ikkje er klart kva for bystyre Oslo får etter søndagens og måndagens val i Oslo, var det ikkje stor spenning knytt til lokal- og regionvala som fann stad samtidig i Russland. Kandidaten frå Putin sitt parti Foreinte Russland blei guvernør i alle 21 tilfella der det var mogleg, og berre ein stad fekk kandidaten under 50%. Stort misbruk av administrative ressursar, direkte hindring av opposisjonskandidatar si registrering og nominasjon, einsidig dekking i media og kjøp av stemmer på valdagen var blant funna til valobservatørane frå GOLOS.

Russisk regionval avgjort på forhånd
"Stemmeseddel fylt ut på annan måte er ugyldig"

– Søndagens lokal- og regionsval er i stor grad sett på som generalprøven til Duma-valet i 2016, fortel Russlandsansvarleg Lene Wetteland i Den norske Helsingforskomité. Det er dimed urovekkande i kor stor grad det styrande partiet gjennom statsstyrt media og sine administrative ressursar så gjennomført manipulerer demokratiske prosessar i forkant og saboterer valobservasjon på sjølve valdagen, åtvarar ho.

Den lokale valobservasjonsorganisasjonen GOLOS hadde observatørar i 25 regionar, opererte ei hotline der folk kunne ringe inn, og systematiserte det heile i eit «kart over brot» Karta Narusheniy, som så langt viser over 1800 brot på vallovgjevinga. Klikk her for å se kartet.

 

 

GOLOS var ei av dei første NGOane som fekk merkelappen Utanlandsk Agent, og er stadig involvert i ulike rettssaker og uønska hendingar.

Fram mot valet blei motstanden enno meir intensivert ved at to sentrale GOLOS-aktivistar blei utsette for husransakingar i sommar, organisasjonen opplevde sabotasje av rekrutteringsprosessen nærare valet, og blei vist ut av stemmelokala under stemmegjeving og teljing ved fleire høve på valdagen. Likevel held dei fram arbeidet og publiserte oppdateringar og rapportar undervegs og i etterkant av valet. GOLOS og European Platform for Democratic Elections (EPDE), valnettverket der GOLOS og Helsingforskomiteen er medlemmer, oppsummerer det heile slik i sin sluttrapport:

The 2015 Election Campaign reinforced an emerging trend over the last couple of years: the shifting of emphasis in the application of administrative technologies from voting day to earlier stages of the electoral process. In fact, the results in the vast majority of election campaigns were predetermined by decisions and actions taken by the authorities and election commissions organizing the elections at the stage of nomination and registration of candidates and parties, as well as during the election campaigns. In such a situation—and in the absence of real political competition—the results of the elections are determined in advance, and Election Day merely confers upon them a formal “legitimation.”

Fleire enn 10 000 val fann søndag stad over heile Russland frå Kaliningrad, Kaukasus og Sibir til Magadan i aust. 21 guvernørar, 11 medlemmer av lokale parlament og representative utval i 25 regionale hovudstader stod på val i det som er det siste landsdekkande valet før Duma-valet i Russland i 2016.

Opposisjonspartiet Parnas som er blitt gjort kjent av den høgttalande korrupsjonsaktivisten Navalnyj fekk berre stille lister i Kostroma fylke, der det var venta at dei ville gå på eit knusande nederlag. Det meir liberale Jabloko med Grigor Javlinskij i spissen stilte lister i fleire fylke og byar, men sleit med merksemd i media mellom den negative dekkinga av Navalnyj sitt parti og den samla mediekampanjen i statlege media til støtte for Putin sitt Foreinte Russland. Dei kom seg likevel over sperregrensa på 5% i seks regionale parlament.

Les mer på EPDEs hjemmeside

Les EDPEs sluttrapport i sin helhet her

Her kan du lese EPDEs rapport om valkampen