Seminar: Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland | Den norske Helsingforskomité

Svart/kvitt eller fargepalett? Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland

Svart/kvitt eller fargepalett? Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland

Er Russland virkelig så toppstyrt av President Putin og hans krins at både opposisjon og sivilsamfunn ligg med broten rygg fram mot valet til hausten? I denne paneldebatten får me nye perspektiv frå opposisjon, akademia og organisasjonslivet i Russland – på ei problemstilling som slett ikkje er så svart/kvit som du kanskje trudde.

Lev Sjlosberg er ein av dei mest framstormande uavhengige politikarane i Russland i dag og har fått ei sentral rolle i å koordinere den fragmenterte opposisjonen. Han blei vald som uavhengig kandidat i sin region Pskov, og rakk å gjere seg så bemerka at han blei fråtatt mandatet sitt midt i perioden. No stiller han til val på nasjonalt nivå. Kommentatorar i Russland har omtalt Sjlosberg som ein av få som greier å kombinere Russland si tradisjonelle storheit med utfordringane for dagens borgarar og er blitt retteleg populær. Han kjem til Norge for å dele sine unike erfaringar og vurderingar frå det politiske livet med oss.

For å setje hans rolle i ein større politisk kontekst kjem også Ekaterina Sjulman, assisterande professor og ei av Russlands mest kjende og profilerte politiske analytikarar. Ho er spesialisert innan parlamentarisme og lovgjeving i hybridregime, og stiller fleire spørsmål både ved makt og opposisjon i Russland i dag. Ho er flittig sitert både i russiske og internasjonale media, som i The Economist nyleg om protestpotensialet i Russland. No kjem den fritalande synsaren til Oslo for eit usensurert møte.  

Den norske Helsingforskomité og GOLOS har lenge fokusert på valobservasjon i Noreg og våre austlege naboland gjennom det Europeiske Nettverket for Demokratiske Val, EPDE. Lilia Sjibanova er styremedlem i EPDE og også tidlegare leiar av GOLOS, den mest kjende organisasjonen for valobservasjon i Russland. GOLOS er fleire gonger nominert til Nobels Fredspris for sitt arbeid der fleire hundre frivillige jamleg observerer val over heile Russland trass trugslar, vald og lovendringar som gjer det stadig vanskelegare å gjennomføre reell valobservasjon. Lene Wetteland er leiar for Russlandsavdelinga i Den norske Helsingforskomité, var til stades i Russland under det førre Duma-valet og set det heile i eit norsk perspektiv.  

Velkommen til ein unik sjanse til å høyre nye perspektiv på det kommande valet i Russland!  

Debatten går føre seg på norsk og russisk med simultantolking. Det er gratis inngang og det blir lett servering. Me ber om påmelding til volunteer@nhc.no innan kl 16 3.mai. 

Tid: 3. mai 2016, 18:00 - 19:30
Sted: Håndverkeren, Rosenkrantz gate 7, Oslo 

 

Introduksjon ved Generalsekretær i Den norske Helsingforskomité, Bjørn Engesland

Paneldebatt moderert av Nils August Andresen, Minerva. 

Paneldeltakarar:

Lev Sjlosberg, politikar, avsett medlem av Pskov-duma, tidlegare redaktør i avisa Pskov-guvernementet

Svart/kvitt eller fargepalett? Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland
Lev Sjlosberg

Lev Sjlosberg er leiar for Pskov-avdelinga av Jabloko-partiet og medlem av partiet sin Sentralkomite. Han er tidlegare redaktør for avisa Pskov-guvernementet, som fekk Fritt Ords Pressepris for Aust-Europa i 2015. Han har også fått Moscow Helsinki Groups menneskerettspris for sitt modige arbeid i 2014, i tillegg til ei rekkje andre prisar for sin innsats innan sivilsamfunn, utdanning og media, og særleg samhandling mellom borgarar og maktorgan. Han er forfattar og medforfattar av over 20 bøker om desse tema. I perioden 2011 – 2015 sat han i den regionale folkeforsamlinga i Pskov fram til han blei fråtatt mandatet. Bakgrunnen var at han hadde sett i gang etterforsking av dødsfalla til ei rekkje fallskjermsoldatar frå Pskov sommaren 2014, der det var mistanke om at dei døydde under kampar i Aust-Ukraina. Etter dette blei han også overfalt av ukjende menn nær heimen og innlagt på sjukehus med alvorlege skader.

 

 

 

 Ekaterina Sjulman, ass.professor, statsvitar, kommentator og analytikar   

Svart/kvitt eller fargepalett? Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland
Ekaterina Sjulman

Ekaterina Sjulman er ein russisk statsvitar med spesialisering innan legislative prosessar i det moderne Russland, parlamentarisme og avgjerdsmekanismar i hybridregime. Ho har ein Ph.D. i statsvitskap og er senior forelesar/ass. Professor ved Instituttet for Offentleg Administrasjon ved Russian Presidential Academy for National Economy and Public Administration (RANEPA). Sjulman har publisert bøkene "Law-making as a political process" og artikkelsamlinga "Applied Political Science: a Guide to Reality" og ei rekkje artiklar. Ho er fast spaltist for avisa Vedomosti, og foreles ved Moscow School of Civic Education. Frå 1999 til 2006 hadde ho ulike stillingar ved den statlege Dumaen, frå assistent for ein Duma-medlem til ekspert ved analyseavdelinga i sentralstaben. Frå 2007 – 2011 var ho direktør for lovavdelinga i konsultingselskapet PBN Company, no PBN Hill+Knowlton Strategies.  

 

 

 

Lilia Sjibanova, tidl. leiar for den russiske valobservasjonsorganisasjonen GOLOS, styremedlem EPDE

Svart/kvitt eller fargepalett? Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland
Lilia Sjibanova

Sjibanova er ein av grunnleggjarane av den russiske valorganisasjonen GOLOS og var i fleire år direktør for denne. GOLOS fekk Den Norske Helsingforskomite sin Sakharovpris i 2012 for sin særlege innsats for å fremje demokratiske verdiar gjennom frie og rettferdige val i Russland, og har vore blant favorittane til Nobels Fredspris fleire gonger. Sjibanova er også styremedlem av det Europeiske Nettverket for Demokratiske Val, EPDE. Sjibanova er ikkje lenger direktør for Golos men held fram sine valrelaterte aktivitetar gjennom EPDE. 

 

 

 

 

Lene Wetteland, Den norske Helsingforskomité  

Svart/kvitt eller fargepalett? Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland
Lene Wetteland

Wetteland har ein mastergrad i statsvitskap frå OSCE Academy i Bisjkek, Kirgisistan. Ho har også russisk, menneskerettar og Russland- og Austeuropakunnskap i fagkrinsen. Tidligere har ho jobba for ulike organisasjoner i Armenia, Russland og Tadsjikistan, og var også sakshandsamar i Utlendingsnemda før ho kom til Helsingforskomiteen i april 2009. Wetteland har ansvar for Helsingforskomiteens Russlandsarbeid, og fokuserer også på val, religionsfridom og Armenia.  


NHC i media

Nyhetsbrev