Sentrale menneskerettslege utfordringar i Kasakhstan | Den norske Helsingforskomité

Sentrale menneskerettslege utfordringar i Kasakhstan

29/01-2010
I samband med at Jonas Gahr Støre og H.K.H. Kronprins Haakon vitjar Kasakhstan og deltek på opninga av den norske ambassaden i Astana den 5. februar 2010, så har Den norske Helsingforskomité laga innspel til Utenriksminster Støre og stassekretær i Olje - og Energidepartementet Robin Martin Kåss om dei mest sentrale menneskerettslege utfordringar i Kasakhstan.

Helsingforskomiteens kontor i Almaty er no under registrering, og vår aktivitet i regionen vil bli enno større dersom registreringa går utan uforutsette problem. Klikk på lenken under for å lese om dei menneskerettslege utfordringane Kasakhstan står ovanfor.

 

 

Ambassaden i Astana opnast på ei tid der særleg Kasakhstan sitt formannskap i Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid (OSSE) står sentralt. I samband med formannskapet har Kasakhstan kome med konkrete utspel om sine prioriteringar for 2010, og som formannskapshavar er dei no i ein posisjon der dei bør vera meir mottakeleg for konstruktive innspel frå sivilsamfunnet og andre deltakande statar i OSSE om dei ikkje møter forventingane. Ettersom sivilsamfunnet i Kasakhstan står overfor sterke avgrensingar er det viktig at andre deltakande statar er medvitne sitt ansvar – både i direkte samtale med styresmaktene, og for å betra tilhøva for det sivile samfunn.

 

Me minner om Stortingsmelding nr.15 om interesser, ansvar og muligheiter, der det kjem fram at ”petroleumsindustrien og andre norske investeringer i land med autoritære regimer kan være en utfordring for Norges arbeid for demokrati, menneskerettigheter og utvikling.” Kasakhstan er absolutt eit land som fell inn under denne kategorien, og formannskapet i OSSE og opninga av ein norsk ambassade i landet er eit godt høve til å prøve å få Noreg sitt arbeid for demokratisering og menneskerettar til å veia tungt i forhold til dei interessa som følgjar av store norske investeringar i petroleumsindustrien. Det er over dei siste åra lite som tyder på at Kasakhstan går i meir demokratisk retning.

 

Det er fleire område i Kasakhstan som er bekymringsverdige i eit menneskerettsperspektiv. Mest iaugefallande er det at det i Kasakhstan ikkje er politisk pluralisme. Det er eit alvorleg ankepunkt at landet som no har formannskapet i OSSE ikkje tillet politisk opposisjon å utvikla seg, og nyttar seg av avgrensingar innan ytrings- og forsamlingsfridom og falske anklager og arrestasjonar for å unngå kritikk av sitjande styresmakter. Helsingforskomiteen har identifisert nokre sentrale grunnar til bekymring kva gjeld menneskerettssituasjonen i Kasakhstan. I det følgjande kjem det korte punkter om desse.

 

Toleranse

Kasakhstan har gjort toleranse for religiøst og etnisk mangfald til ei av sine hovudprioriteringar under formannskapet i OSSE. Utanriksminister Saudabayev uttrykte dette klart i sin tale til det permanente rådet 14.januar: ”Given our extremely positive experience in securing inter-ethnic and interconfessional harmony in our own country, we intend to make tolerance and intercultural dialogue within the OSCE area a major priority of our Chairmanship.”

 

Dette står i sterk kontrast til meldingar frå landet om at religiøse minoritetar mellom anna vert utsette for problem med å få den obligatoriske registreringa, får uforholdsmessig strenge straffar for administrative brot, vert utsette for overgrep frå lokale maktorgan og systematisk feilinformasjon og svartmaling i media utan høve til å korrigera utsegnene.

 

I tillegg prøvde Kasakhstanske styresmakter i 2009 å få gjennom eit lovforslag som ville gjere det enno vanskelegare for religiøse minoritetar i Kasakhstan. Truleg kjem lovforslaget tilbake etter OSSE- formannskapet.

Likeleis kjem det meldingar om at etniske minoritetar også vert utsette for diskriminering og overgrep. Drapet på tre tsjetsjenske brør i ein landsby utanfor Almaty i mars 2007, der politiet var til stades, deltok i valdshandlingar og hindra ambulansen i å frakta dei skadde til sjukehus, er grunn til bekymring. Det har enno ikkje blitt gjennomført noko objektiv etterforsking av saka, sjølv om to menn er dømte til lange fengselsstraffar for drapa.

 

Manglar i rettssystemet

Det kasakhstanske rettsapparatet er utsett for stort press for å finna dei tiltalte skyldige, og i mange høve vert forsvaret sine begjæringar konsekvent avviste. Kasakhstanske forsvarsadvokatar vert også utsette for intimidering og forfølging, der dei kan bli fråtekne lisensen på grunn av fabrikkerte anklager.

 

Det er særs vanskeleg for ein tiltalt å få den forsvarsadvokaten han vil ha, ettersom dei nasjonale tryggleiksorgana avgrensar ein forsvarsadvokat sin rett til å vera involvert i ei sak på det grunnlag at han ikkje har tilgang til statsløyndommar. Dette er ikkje noko som krevjast ifølgje kasakhstansk lovgjeving, men som likevel blir brukt til å avgrensa advokatane sitt handlingsrom. Å få ein slik tilgang kan ta månader, dersom det blir innvilga, og følgjer prosedyrar som er skjulte for det offentlege.

 

Til dømes vart redaktøren for avisa Alma-Ata Info utsett for dette då han etter å ha blitt saksøkt for å ha offentleggjort dokument som viste korrupsjon i dei statlege tryggingstenestene ikkje fekk dei forsvarsadvokatane han ville ha, med referanse til problemstillinga over. I staden vart det oppnemnt ein advokat som ikkje snakka i løpet av rettssaken og ikkje møtte opp på den siste høringa og domsavlesinga.

 

Som det vart påpeikt av ei gruppe representantar for kasakhstanske advokatar under OSSEs årlege møte om menneskerettar (OSCE Human Dimension Meeting) i Warszawa i oktober 2009 spelar advokatane en viktig rolle for menneskerettane ved å forsvare innbyggjarane mot overgrep frå staten. Med formannskapet i OSSE bør Kasakhstan særleg respektere dei internasjonale avtalene som regulerer advokatane sin lovlege status, og som dei sjølve har underteikna.

 

Saka mot Evgeniy Zhovtis, den frittalande direktøren for Kazakhstan International Bureau for Human Rights and Rule of Law, er også eit døme på korleis rettssystemet ofte brukast i politisk samanheng. Zhovtis vart dømd til fire år i fengsel for eit hendeleg trafikkdrap, etter ein rettssak som var prega av at Zhovtis ikkje fekk vita at hans status som vitne var endra til mistenkt før det var for seint å krevja alternative ekspertisar, begjæringar frå forsvaret vart konsekvent avviste, bevisføringa var mangelfull, og dommaren kom tilbake frå kammeret etter 20 minutt med ei lang ferdigskriven domsavgjerd etter å ha gitt forsvaret berre 40 minutt til å førebu sin avslutningsprosedyre.

 

Zhovtis har ikkje nekta for at han volda ein ung mann sin død, men er klart overtydd over at det den tragiske hendinga vert brukt til å hindra hans aktivitet som menneskerettsaktivist. Også offeret si mor har sagt at ho ikkje har nokre krav mot Zhovtis, men dette vart ikkje vektlagt i retten. Zhovtis er no fengsla i ein leir langt frå nokre storbyar i Kasakhstan, vanskeleg tilgjengeleg. Framgangsmåten i retten skapar soleis klar tvil om kasakhstanske menneskerettsaktivistar sin tilgang til rettferdig rettargang.

 

Ytrings- og forsamlingsfridom

Det vert stadig vanskelegare for det kasakhstanske sivilsamfunnet å ytra seg offentleg. Ei ny internettlov gjer at alle utsegner på internett, til og med på ein privat blogg, er å rekna som media, og dermed mogleg å saksøke for injurier og liknande. Dette heng nære saman med at det har vore fleire tilfelle der korrupsjon og brot på miljølovgjeving har blitt avdekka innan bankar og føretak som er affilierte med styresmaktene, og at desse mennene vil vernast for slik omtale.

 

Opposisjonsavisa Respublika vart ilagt store erstatningskrav etter å ha bli saksøkt av BTA Bank for injurier, og finst no berre i ein primitiv versjon med små bokstavar, stifta saman i hjørnet.

 

To journalistar er og blitt drepne ved årsskiftet. Større eller mindre grupper som vil demonstrera i bysentra møter store problem for å få løyve til dette, og fleire har blitt arresterte eller ilagt store bøter i samband med fredelege demonstrasjonar i Almaty.

 

Under slike tilhøve er det ikkje mogleg for eit sivilsamfunn å fungere, og det står i sterk kontrast til Kasakhstan sine løfter som formann for OSSE å respektera dei grunnleggjande prinsippa til OSSE.

 

Den norske Helsingforskomité vonar at både utanriksministeren og statssekretæren i Olje- og energidepartementet kan ta opp nokre av desse tema i samtale med kasakhstanske styresmakter og føretak i Kasakhstan, og minne om at formannskapet i OSSE forpliktar på heimebane.

Nedanfor følgjer utfyllende informasjon om noen av tema.

 

Manglande religionsfridom og rasistisk vald

Nyleg var Helsingforskomiteen saman med Oslosenteret for fred og menneskerettigheter ved Kjell-Magne Bondevik i Astana og diskuterte religionsfridom i landet. Forum 18 skriv i samarbeid med Helsingforskomiteen, Oslosenteret, Oslokoalisjonen for religions- og trosfrihet og Norsk Misjon i Øst ein rapport om religionsfridom i Kasakhstan og Kirgisistan. Rapporten fokuserer særleg på at tilhøva for sokalla ”ikkje-tradisjonelle” religiøse grupper er vanskelege. Ikkje-tradisjonelle reknast dei som ikkje er sunni-muslimar eller ortodokse kristne. Rapporten vil bli lansert i nærmeste fremtid.

 

Desse gruppene har vanskar med å få gjennom den obligatoriske registreringa, misjonsverksemd vert straffa hardt, dei vert utsette for fabrikkerte anklagar som følgje av razzia av tryggingspolitiet (KNB), og har store vanskar med vanleg drift.

 

Straffene for desse administrative brota er uforholdsmessig strenge, slik som suspensjon av gruppa sin religiøse aktivitet eller store bøter. Medlemmer av muslimske grupper har blitt arresterte og dømte til lange fengselsstraffer for ekstremisme eller terrorisme.

 

Ymse religiøse grupper vert kalla ”sektar” både i media og av presidenten sjølv. Til dømes var ein identisk artikkel om farlige sekter som var publisert i fleire aviser underskriven av ulike personar frå avis til avis. Som regel får ikkje dei religiøse gruppene tilgong til å rettferdiggjera seg sjølve i media i etterkant, og den feilaktige informasjonen blir verande i folk si oppfatting. Som tilsvar på dette svara viseformannen for det statlege rådet for religiøse spørsmål til at dei religiøse gruppene har sine eigne skrifter og kan publisere det dei vil der.

 

På vitjinga tok me opp problemet med feilinformasjon i media, betre informasjon om lover og regler både for religiøse grupper og lokale styresmakter, og betre forståing av at dei ”utradisjonelle” religionane ikkje er terroristar eller sektar. Hovudutfordringa er at presidenten og andre høgtståande snakkar til det internasjonale samfunn om inter-religiøs forståing i Kasakhstan, medan dei på heimebane stør opp under diskriminerande haldningar og direkte åtak på religiøse minoritetar.

 

Styresmaktene i Kasakhstan framhevar også det etniske mangfaldet og toleransen i landet. Her er det klare motsetnader med det styresmaktene seier ute og det lokale maktorgan føretek seg på heimebane. Dette vart tydeleg i mars 2007, då tre tsjetsjenske brør døydde etter å ha blitt overfalne av 300 kasakkar etter ein lokal konflikt. Dei 300 kasakkane vart transporterte til dei tsjetsjenske brørne sitt hus i ei kolonne der fleire politibilar også var med. I følgje augevitne var Deputy Chief of Almaty Region Department of Internal Affairs tilstades utan å bryta inn då huset til brørne sine naboar vart sett i fyr, brørne sitt hus og andre nabohus vart plyndra og ambulansen vart hindra av politiet i fem timar.

 

Kasakhstanske styresmakter lova tsjetsjenarane ved fleire høve å etterforska saka og ta eit oppgjer med den tydeleg rasistiske hendinga, utan at dette har skjedd. Seinast på det nemnde OSSE-møtet i oktober 2009 vart representantar for det tsjetsjenske tidsskriftet DOSH lova at det skulle gjennomførast ei objektiv etterforsking mot at dei ikkje viste ein film om hendinga som dei hadde planlagd å vise. Det har enno ikkje vore noko objektiv etterforsking av saka, og politiet har ikkje fått nokre straffereaksjonar på at dei var med på slike lovlause hendingar.

 

Zhovtis-saka

Evgeniy Zhovtis er som direktør for Kazakhstan International Bureau for Human Rights and Rule of Law ein av dei mest kjende menneskerettsaktivistane i Kasakhstan.Han har vore tilstades på mange møte i inn- og utland og uttalt seg tydeleg om menneskerettslege problem i Kasakhstan. Særleg i åra før formannskapet var han aktiv i arbeidet for å gjera klart kva Kasakhstan plikta seg til og kva dei ikkje gjennomførte. No er Zhvotis fengsla for fire år for ei trafikkforsømming.

 

26.juli 2009 hadde Zhovtis vore på fisketur utanfor Almaty, og køyrde heim langsmed ein mørk veg. Uhellet var ute, ein mann kom ut på den mørke vegbanen, vart påkøyrd av Zhovtis, og døydde av skadane. Svært sannsynleg eit hendeleg uhell. Zhovtis stoppa, tilkalla ambulanse, betalte for gravferd og ”blodpengar”, og gjorde elles det som er forventa etter eit slikt uhell. Han var ikkje påverka av alkohol. Mora til offeret skreiv brev om at ho ikkje hadde noko uteståande med Zhovtis etter sonen sin død.

 

I rettssaken som følgde var det tydeleg at uhellet skulle brukast for alt det var verdt. Zhovtis sine advokatar fekk ikkje høve til å føra sine vitne, brevet frå offeret si mor vart ikkje godkjend som bevis, ekspertisen som vart utført i samband med bremselengd og andre trafikale spørsmål svarte ikkje til dagens standard, og ekspertise fremja av Zhovtis sine forsvararar vart ikkje godkjend. Då dommen skulle avseiast kom dommaren ut av kammeret etter berre 20 minutt, med ein lang tekst som bar preg av å ha vore skreve i forkant. Zhovtis vart dømd til fire år i fengsel.

 

Ankesaka førte heller ikkje fram. Her vart i tillegg observatørar og tilskodarar nekta tilgang til rettssalen. Zhovtis vart dømd til å sone i ein arbeidsleir langt frå Almaty eller andre storbyar, noko som kan tyde på at det ikkje er ønskeleg at han skal få vitjing av utanlandske gjester.

 

Zhovtis har ikkje nekta for at han kom i skade for å volda den unge mannen sin død, men nektar for at han har gjort noko kriminelt. Framgangsmåten i retten skapar tvil om kasakhstanske menneskerettsaktivistar sin tilgang til rettferdig rettargang.