Situasjonen roa seg ned | Den norske Helsingforskomité

Situasjonen roa seg ned

(09/04-2010)
I Kirgisistan har situasjonen på fredag roa seg noko etter at opptøyane starta i Talas vest i Kirgisistan tysdag.

Tidlegare utanriksminister og ambassadør Roza Otunbaeva leiar overgangsregjeringa med leiarar av dei sentrale opposisjonspartia som interim regjeringsmedlemmar og hevdar å ha kontroll i landet. Det er no viktig at overgangsregjeringa er medvitne det ansvaret dei har teke på seg, og sørgjer for at lov og orden igjen blir det styrande for borgarane i Kirgisistan.

 

Det kasakhstanske formannskapet representert ved spesialutsending Zhanybek Karibzhanov møtte i dag fredag med interim viseutanriksminister Nurlan Aytmuzaev for å diskutera stabilisering av situasjonen. Kurmanbek Bakiev nektar samstundes å gå av som president. I dag er det meldt om at politiet er meir synlege i gatene og at situasjonen har roa seg etter to netter med plyndring. 9. og 10. april er erklært sørgjedagar i Kirgisistan for dei opp mot hundre som vart drepne dei siste dagane.

NHC i media

Nyhetsbrev