Stadleg representant i Sentral-Asia | Den norske Helsingforskomité

Stadleg representant i Sentral-Asia

Stadleg representant i Sentral-Asia

Den norske Helsingforskomité har sidan 2006 drive eit representasjonskontor i Sentral-Asia. Kontoret er Helsingforskomitéen sitt kontaktpunkt og koordinerande instans i regionen og ligg i Almaty, Kasakhstan. Me har no ledig stilling som: Stadleg representant ved Helsingforskomitéens representasjonskontor.

Den stadlege representanten fungerer som leiar av Helsingforskomitéens representasjonskontor i Almaty med ansvar for den daglege drifta i samarbeid med ein lokalt tilsett administrativ medarbeidar. Den stadlege representanten vil stå for rapportering om menneskerettssituasjonen i alle dei sentralasiatiske landa og vera Helsingforskomitéen sitt kontaktpunkt og koordinator for aktivitetar i regionen. Ein må rekna med større reiseverksemd. 

Kvalifikasjonar

Stillinga krev gode kunnskapar i russisk og engelsk, og gjerne eitt av dei sentralasiatiske språka. I tillegg krevjast det områdekunnskap, kunnskap om menneskerettar, menneskerettsarbeid og erfaring frå prosjekt- og teamarbeid. God skriftleg framstillingsevne vil bli vektlagt. Sameleis evne til å arbeide sjølvstendig, kunne arbeide under press, møte personar i ein vanskeleg livssituasjon og handsame sakar som kan vera sensitive.

Meir informasjon om stillinga og Helsingforskomitéen sitt arbeide i Sentral-Asia er tilgjengeleg på våre nettsider www.nhc.no, Facebook og Twitter. De kan også kontakte vår Sentral-Asiarådgjevar Lene Wetteland på e-post wetteland@nhc.no.

Søknaden sendast til wetteland@nhc.no med iliyas@nhc.no i kopi innan 15.desember. Løn og andre vilkår etter avtale. Representasjonskontoret er del av eit prosjekt finansiert av Det norske Utanriksdepartementet.

Last ned hele utlysningsteksten her.

Download the announcement in English here.

Download the announcement in Russian here.

Den norske Helsingforskomité blei oppretta i 1977. Den norske Helsingforskomité tek utgangspunkt i internasjonale menneskerettsdokument vedtekne i FN, Europarådet og Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE), deriblant Helsingforsavtalen si sluttakt av 1975.

 

NHC i media

Nyhetsbrev