– Erna, det er tid for menneskerettar

Partia som sit på Gran har tidenes sjanse til å stå opp for menneskerettane. Her er fire ting Erna Solberg bør gjere for å stille Norge fremst i menneskerettskampen.

*DENNE KOMMENTAREN BLE FØRST PUBILSERT I VG

I Brasil har vi nett vore vitne til at den nyvalde presidenten, Jair Bolsonaro frå ytre høgre, har sagt at han er for tortur og diktatur. Han blir kalla den «tropiske Trump», og kanskje ikkje heilt utan grunn: Rett etter innsettingstalen twitra Trump til Bolsonaro at «USA er med deg». Det er lett å bli menneskerettspessimist.

Bolsonaro er eit av mange eksempel på ein trend som nesten ser ut til å vere umogleg å snu: Autoritære og populistiske krefter som viser vilje til å bekjempe grunnleggande menneskerettar. Det er ikkje berre i Putins Russland eller Bolsonaros Brasil at signala er faretrugande. Vi ser det same langt inne i kjernen av Europa: I Italia, Ungarn, Romania, Tyrkia og mange andre land.

I staden for å bli motlause, bør Norge gripe moglegheita dette gir oss. Det er spesielt fire ting Norge kan gjere for å stille oss fremst i menneskerettskampen:

1) Innføre ei ordning med menneskerettssanksjonar

Det er behov for fleire virkemiddel for å beskytte menneskerettane. Dersom regjeringa saman med EU vil greie ut moglegheita for korleis Norge i samarbeid med EU eller eit knippe demokratiske statar kan innføre ei ordning med menneskerettssanksjonar, vil det vere eit historisk grep for å styrke menneskerettane internasjonalt.

Vi snakkar i dette tilfellet om særs grove brot på menneskerettane, som tortur, forsvinningar, utanomrettslege avrettingar, valdtekter, slaveri og menneskehandel. Sanksjonane kan bestå av at personar som står ansvarlege for slike grove overgrep kan nektast innreise i Norge, få bankkontoar og eigedom fryst.

2) Auke støtta til menneskerettsforkjemparar

At autoritære statar får utvikle seg sjølv i EU, med støtte frå blant Russland og Kina, er i praksis eit trugsmål mot Norge på same måte som klimaskepsis, økonomisk kriminalitet og aukande ulikskap. Vi veit at dei sterkaste motkreftene mot desse autoritære kreftene i Europa og elles i verda er menneskerettsgrupper og uavhengige journalistar.

Det er openbert i Norges eigeninteresse å støtte menneskerettsmiljø og miljø av uavhengige journalistar i Europa og dei landa som utgjer det tidlegare Sovjet.

Eit viktig nytt tiltak vil vere å gjere Norge til ei frihamn for menneskerettsaktivistar i fare. Dei kan få moglegheit til å vere i Norge i ein periode og gjere jobben sin herfrå, lade batteria sine og delta i det norske lokaldemokratiet.

3) Bruke EØS-midlane som overførast til det europeiske sivilsamfunnet for i sterkare grad å fremje menneskerettar og ytringsfridom i EU

Norge speler ei betydelig rolle som støttespelar for sivilt samfunn i dei sentral- og austeuropeiske landa ved at om lag 10 prosent av EØS-midlane går til prosjekt i regi av uavhengige grasrotorganisasjonar. Meir bør gå til å reversere autoritære trekk og stigmatisering av sivilt samfunn i land som Ungarn, Polen og Romania.

4) Europarådet er utsett for sterkt press frå nokre av sine autoritære medlemmer, som Russland, Aserbajdsjan og Tyrkia. Norge kan auke støtta og dermed gjere organisasjonen mindre sårbar for press frå slike statar som har som mål å undergrave og svekke organisasjonens arbeid for å fremme demokrati og menneskerettar.

Norge gir FNs høgkommissær for menneskerettar betydeleg støtte utanom FNs budsjetter, og kan spele ei liknande rolle i Europarådet når Russland trugar med å trekke seg og slutter å betale kontingent. Norge må bidra til at Europarådet held sin integritet og truverd, og ikkje lar seg presse av medlemsland som har som mål å svekke dei internasjonale menneskerettsinstitusjonane.

I 2019 har vi eigentleg to val: Vi kan vere redd for at det skal skje fleire brot på menneskerettane og at dei autoritære kreftene skal få større spelerom. Eller så kan vi bestemme oss for å kjempe mot. Vi tilrår det siste.