Skuggen bak gullstatuen

Søndag avviklar Turkmenistan det som i mange andre land kallast parlamentsval, i Norge Stortingsval. Det vil seie – det blir kalla parlamentsval i Turkmenistan óg, det er stemmelokale med alt riktig tilbehør over heile landet og det kjem eit resultat etter ei oppteljing av stemmesedlar, men det er ikkje eit val.

Med enkle ord er Turkmenistan det verste landet i Sentral-Asia, og det er ein region det skal mykje til å vera verst i. Med unnatak av Kirgisistan som har hatt ein sakte, men reell prosess mot eit parlamentarisk demokrati, er både Kasakhstan, Usbekistan og Tadsjikistan styrt av den same autoritære leiaren sidan 90-talet, Turkmenistan har hatt eit byte grunna dødsfall. Ved siste «val» fekk presidentane høvesvis følgjande resultat: Nazarbayev 95.55%, Karimov 88.1%, Rahmon 83.9%, og Turkmenistans Berdymuhammedov 97.1%. Landa skårar dårleg på alle undersøkingar om levestandard, korrupsjon, tortur, ytringsfridom og religionsfridom for å nemna noko. Og i ei slik forsamling er altso Turkmenistan verst i klassen, på same nivå som mellom anna Nord-Korea. Ørkenlandet er rikt på gass, men inntektene går rett til presidenten og hans næraste mens store delar av folket lever i fattigdom.

Før eit Stortingsval i Norge skal det mykje til for å møte ein person som ikkje har diskutert noko valrelatert – politikarar som dummar seg ut eller kranglar, brotne løfte, skattar og avgifter, lengda på fedrepermisjon og så vidare. Det er ikkje alle med desse meiningane som stemmer ved valet, men det stoppar dei heller ikkje frå å kritisere styresmaktene seinare når ting ikkje er som dei skal, for dyre eller vanskelege. Diskusjonen går heime, på jobb eller i sosiale og andre mediekanalar.

I Turkmenistan finst det éi privat avis. Sju TV-kanalar, fem radiokanalar og eit stort tal aviser er statseigde. Uavhengige internettsider utanfrå er blokkerte mesteparten av tida, saman med sosiale media som Facebook, Twitter og dei tilsvarande russiske versjonane. Internett er uansett dyrt og vanskeleg tilgjengelig, men fleire har byrja bruke det på telefonane sine. Redaksjonar får stadig besøk frå statlege organ som skal sjekke kva som blir skrive, og journalistar blir utsette for press. Avisene trykkar hovudsakleg gratulasjonar til presidenten i samband med ymse heilagdagar, og TV-program blir ikkje sendt direkte. Først i 2013 kom det ei lov om at sensur og statsregulering av media er forbode, men det endrar ikkje praksis.

Det vert notert flittig når President Berdymukhamedov snakkar

Det er heller ingen politisk debatt i landet å skriva om. Presidenten er einerådig. Parlamentet i dag har 125 representantar, alle frå Turkmenistans Demokratiske Parti, så nær som ein. I 2012 avgjorde presidenten at det var på tide med dobbelt så mange parti i landet, og oppretting av nye parti blei lovleg i januar. Dette var ikkje i tide til presidentvalet i februar, men leiaren for det nye partiet som då blei oppretta, Partiet for Industriherrar og Entrepenørar, blei vald inn i parlamentet under suppleringsval i sommar. Dessutan er partileiaren også eigaren av den eine private avisa nemnt over. Det bør vel også nemnast at partiet for Industriherrar og Entrepenørar er det einaste partiet i Turkmenistan i tillegg til det Demokratiske, og at eit stort portrett av presidenten hang på veggen under stiftingsmøtet. Oppgåvene til parlamentet er hovudsakleg å godkjenne lovforslaga presidenten kjem med, og ettersom alle representantane er førehandsgodkjende av presidenten har det ikkje så mykje å seie om det er representantar frå to parti i staden for eitt.

Valkamptida er for mange ei tid for å fronta saker som er viktige for dei, som dyrs rettar, kreftforsking eller likestilling. I Turkmenistan er det derimot ulovleg og straffbart å vera aktiv i ei interessegruppe utan formell registrering. Denne registreringa er komplisert, tidkrevjande, og krev mellom anna at alle medlemmene oppgjer alle sentrale detaljar om seg sjølve til styresmaktene. I følgje turkmenske styresmakter er det 109 frivillige organisasjonar i landet. Under eit møte i FNs kvinnekomité i Genève tidlegare i år kunne delegasjonsleiaren ikkje nemne fleire enn fire, og desse er alle kjende for å vera statlege. Det er ingen uavhengige fagforeiningar i landet. Den statlege fagforeininga som finst ved statlege arbeidsplassar samlar hovudsakleg inn pengar for å kjøpe blomar til kollegaer som har noko å markere. Det hemmelege politiet, Turkmenistans avleggar av det sovjetiske KGB, har informantar over det meste, og syt for å følgje opp den som måtte finne på å prøve å samle andre likesinna til aksjon eller berre diskusjon.

Dei få som likevel vågar å seie noko om kva dei meiner om staten sin politikk eller tilhøva i landet, risikerer fengsel, bøter, utreiseforbod eller å miste jobben. Om du kjem i politiet si varetekt er tortur vanleg. Rettssakene går ofte for lukka dører, og dommane blir ikkje gjort kjende for familiemedlemmer, som heller ikkje får melding om kva for fengsel den dømde eventuelt blir sendt til. Helsingforskomitéen og andre organisasjonar har no sett i gong ein aksjon for at turkmenske styresmakter skal informere familiane til ti menn som har sitte fengsla sidan 2003 utan at nokon har høyrd frå dei. Å gå i ti år utan å vite om ein familiemedlem er død, sjuk eller innestengt i eit turkmensk fengsel utan besøk er sjølvsagt ille nok i seg sjølv, men Turkmenistan praktiserer også kollektiv straff, der familiemedlemmer og vener også kan risikere å få tilsvarande straff, berre for å vera familiemedlem eller ven. Paradoksalt nok er vilkårleg framferd regelen heller enn unntaket.

I det vilkårlege samfunnet er korrupsjon og nepotisme altoverskyggande. Har du pengar og kontaktar er det ikkje så farlig om du bryt lova, for den har rett den som betalar dommaren mest. Har du pengar kan du også betala legen og sjukepleiaren for å gjera jobben sin riktig, og du har råd til å betale for ekte medisin og det utstyret sjukehuset treng for å gje deg ei trygg behandling, som desinfeksjonsutstyr, ubrukte sprøyter og sengetøy. Du kan også få god høgare utdanning, eventuelt bare eit prov på at du har god utdanning om du ikkje har så lyst å gjennomføre sjølve studiet fullstendig, og likevel bli lege eller advokat. Om du i tillegg har dei riktige kontaktane kan du også få ei stilling høgt opp i det politiske systemet.

No kjem det kanskje ikkje som ei overrasking at interessa for valet er låg blant folk flest i Turkmenistan. Mange går for å stemme slik at dei og familiemedlemmene skal behalda jobben eller studieplassen sin, andre fordi det er ein festdag der ein møter familie og naboar og det er dans og musikk i tilknyting til vallokala. Uansett blir valdeltakinga høg, og resultata likeeins.

Helsingforskomitéen har valobservasjon som eitt av sine prioriteringsområde, og har i fleire år observert val i Kirgisistan, Armenia, Ukraina, Norge og på Balkan for å nemna nokre. Men i Turkmenistan observerer me ikkje, for det er ikkje noko val å observere. No får verken menneskerettsorganisasjonar eller humanitære organisasjonar visum til landet så me har ikkje tilgang uansett, men likevel. Utanfor landet sine grenser held me i staden fram arbeidet for at det internasjonale samfunnet skal legge press på Turkmenistan og krevje reelle endringar heller enn kunstige reformer. Det internasjonale samfunnet skal ikkje la folket i Turkmenistan lide mens me ler av historiene om den slemme diktatoren i Langtvekkistan som fall av travhesten sin og seinare stengte youtube, eller hans forgjengar som reiste ein gullstatue av seg sjølv som roterer etter sola.