Tid: 9. juni 2011, 15:00 – 17:00
I april vart Nursultan Nasarbaev attvald som president i Kasakhstan. Valresultatet viste klart fleirtal for presidenten som har leia landet gjennom ei stødig økonomisk utvikling i løpet av dei siste 20 åra. Samstundes, med økonomisk utvikling følgjer også eit auka press for å verna om skattebetalarane sine rettar. Med eit slikt bakteppe skal Ombodsmannen sikra at rettane til folket er verna i tråd med internasjonale avtaler og forpliktingar. Korleis er Ombodsmannen i Kasakhstan sine føresetnader for å handsame desse utfordringane i dag?
Program:
• Bjørn Engesland, Generalsekretær i Den norske Helsingforskomité. Innleiande kommentarar.
• Askar Sjakirov, Ombodsmannen i Kasakhstan. Presentasjon om det rettslege systemet og institusjonane som vernar menneskerettane i Kasakhstan, om situasjonen for menneskerettane i Kasakhstan og utfordringar knytte til denne.
• Alf-Åge Hansen, Spesialrådgjevar ved Oslosenteret for fred og menneskerettar. Kommentarar til menneskerettssituasjonen i Kasakhstan med særleg fokus på religionsfridom.
• Debatt
Seminaret går føre seg på norsk og russisk med etterfølgjande omsetjing. Moderator er assisterande generalsekretær i Den norske Helsingforskomité, Gunnar Ekeløve-Slydal.