«Dropp Tsjetsjenia som treningsbase for VM», kravde Helsingforskomiteen og 13 andre internasjonale organisasjonar i eit brev til FIFA 27. april. Bakgrunnen er det brutale regimet i regionen og fengslinga av menneskerettsleiaren Oyub Titiev.
FIFA skriv i sitt svar at dei er djupt uroa over situasjonen til Titiev. I uvanleg sterke ordelag understreker generalsekretær Fatma Samoura kor viktig det er at Titiev får ein rettferdig rettssak i samsvar med internasjonale standardar:
«It is FIFA’s view that, as a matter of principle, human rights defenders should be able to perform their work freely and without fear of reprisals. (…) it is in our view of paramount importance that Mr. Titiev is granted a fair trial in accordance with international standards.»
–Svaret frå FIFA understrekar kor alvorleg situasjonen er for Oyub Titiev og Tsjetsjenia. Det avgjerande no vert korleis ord vert følgd opp med handling, seier generalsekretær i Helsingforskomiteen, Bjørn Engesland.
Oyub Titiev er ein av dei siste aktive menneskerettsforsvararane i Tsjetsjenia og har sete fengsla på falskt grunnlag sidan januar. Under fotball-VM 2018 skal det egyptiske landslaget med Mohamed Salah (bildet) i spissen ha Tsjetsjenia som treningsbase, trass i internasjonal fordømming av menneskerettssituasjonen i republikken.
–FIFA har med dette vist at dei forstår alvoret i situasjonen, og me håper også dei forstår kva for makt dei faktisk har ovanfor russiske styresmakter. Det ville vera flott om dei på FIFA-kongressen i Moskva 13.juni kan fortelje at dei har lukkast i å få Oyub sett fri, seier Lene Wetteland, leiar av Russlandsavdelinga.
Helsingforskomiteen har saman med seks andre norske organisasjonar publisert ei handbok for journalistar som set fokus på Tsjetsjenia og fleire andre problemstillingar knytt til fotball-VM i Russland.
FIFA-brevet oversatt til russisk: